På helsestasjon for ungdom (HFU) møter du lege og helsesjukepleiar.
Me har ope kvar torsdag kl 14.30-16.00 på Luster helsestasjon/helsesenteret. Du kan koma innom på drop-in eller ringe for å avtale tidspunkt.
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for alle ungdommar i alderen 13-20 år

Vårt tilbod:

  • Prevensjon
  • Innleggelse/uttak av p-stav og hormonspiral
  • Kjønnssjukdommar
  • Seksualitet
  • Graviditet
  • Psykisk helse
  • Kjønnsidentitet
  • Etevanskar
  • Forelskelse
  • Utfordrande relasjonar – familie, kjæreste, vener eller skulemiljø
  • Overgrep
  • Vald
  • Rus
  • Andre tema du treng å lufte med oss

Kontakt HFU:
Telefon. 57 68 56 05 / 90 98 47 20
Ein kan ringe til helsestasjonen utanom oppsett opningstid for å avtale time på eit anna tidspunkt som passar betre.
HFU har stengt i skuleferien. I denne tida kan ein gjera avtale med helsestasjonen i kontortida.