Helsestasjon for ungdom

Luster helsestasjon har kvar onsdag ettermiddag ”open dør” helsetasjon for ungdom på helsesenteret i Gaupne.

  • Opningstida er onsdager kl 15.00-17.00
  • Helsestasjonslegen er med frå 15.00 -16.00
  • Helsesøster er tilstades fram til kl 17.00

Målgruppe

Ungdom mellom 16 -20 år som bur eller går på skule i Luster kommune. 

Vilkår

Tilbodet er gratis.  

HSU har sommarstengt i skuleferien. I denne tida kan ein gjera avtale med helsestasjonen i kontortida. Helsestasjonen er stengd veke 29.

Meir om tenesta

Vi ønskjer å vere eit tilbod til ungdommar og unge vaksne i Luster.
Det skal vere ein stad der ungdommar kan stikke innom for ein prat med ein vaksenperson om helse, om kropp, om prevensjon og sex eller om korleis dei har det med seg sjølv eller med venner. Tykkjer nokon det er vanskeleg å komme åleine, kan ein ta med ein venn eller ei venninne.

Det er oppretta ei eigen e-post adresse der unge kan sende førespurnad om time, evt stille spørsmål:
                                                              HSU@luster.kommune.no 


Dette tilbodet vil vere råd å bruke elles i veka og.
Mobil kan også nyttast , tlf 478 08 260 til sms eller telefonkontakt.
Ein kan sjølvsagt ta ein telefon til helsestasjonen utanom oppsett opningstid for å avtale time på eit anna tidspunkt som passar betre.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) slik at vi kan yte deg bedre service. Informasjonskapslene blir hovedsakelig benyttet for trafikkmåling og optimalisering av tjenesten. Du kan også lese mer om vår bruk av informasjonskapsler.
Lukk