På første samling møtte seks nyutdanna barnehagelærarar for erfaringsutveksling og refleksjonar om ulike relevante tema. Høgskulen på Vestlandet ved Astrid B. Bakken og Marit Uglum bidrog på samlinga med faglege innspel og presentasjon av det statlege programmet «Ny som lærar på Vestlandet». Koordinator for samlingane er Oddbjørg Ese, rådgjevar Oppvekst. Attendemeldingane frå samlinga var at det var flott å ha ein stad å lufta tankar og reflektera saman, fint å kunne ta opp reelle problemstillingar og få god informasjon.

«Det å arrangera slike samlingar er rett og slett ei glede og noko me ønskjer å prioritera. Å ta vare på dei nyutdanna er ei viktig oppgåve for oss som arbeidsgjevar», seier kommunalsjef oppvekst, Knut Åge Teigen, og avsluttar med «at Høgskulen også er med på laget om å støtta dei nyutdanna er ei styrke og me er takksame for at dei bidreg i denne samanhengen.»