Hogst av stormfelt skog
I samband med romjulsorkanen Dagmar som mellom anna etterlot seg mykje nedblåst skog, vart det arrangert eit tryggleikskurs i rydding av slik skog i Luster den 13. januar.
Kurset inngjekk i ein serie med liknande kurs andre stader i fylket og vart arrangert av Fylkesmannen og Sogn og Fjordane Skogeigarlag med kommunen som praktisk tilretteleggjar.
Innedelen vart halde inne i kommunestyresalen på rådhuset i Gaupne der Torgrim Østgård frå Sogn og Fjordane skogeigarlag orienterte om kva dei vil gjere framover for å få mest mogeleg av den stormfelte skogen ut. Dei vil leige inn kapasitet både med hogstmaskiner og taubanelag, og vil og kjøpe virke frå skogeigarar som melder tømmer inn og hogg sjølv. Vindfallhogst gjev høgare driftspris og redusert pris på tømmeret, slik at skogeigaren sin netto vert tilsvarande redusert.
Det vart synt fram tre ulike filmar som tok for seg hogst av tre som var vindfall. Ein må tenke seg godt om før ein tek til på slike tre. Eit hefte som vert send ut til deltakarane i etterkant vil gjere at repetisjon av temaet i desse filmane vert mogeleg.
Andre del av kurset var i felt, i skogen til Steinar Schanke på Lie. Anders Hestad demonstrerte teknikkane vi hadde sett på film inne. Sentralt i dette vart det såkalla V-kappet som gjer at treet ikkje slår ut eller opp etter kapping. Ein sekundæreffekt er at virket ikkje vert øydelagt. Det vart og synt fram bruk av band når tre har hengt seg fast i nabotre.
Ca. 52 personar deltok på kurset.

