På utsida av Røneidstunnelen har Statkraft ein kai for ilandkøyring av tyngre utstyr til kraftstasjonane våre.

Kaien skal no rehabiliterast. Det aller meste av arbeidet vil bli gjort i form av mudring i sjøen utanfor kaien. Sjå oversiktskart.

Arbeidet startar idesse dagar og vil truleg vere ferdig til 1. september. I det meste av juli månad vil det ikkje vere anleggsarbeid.

Det blir arbeidd alle dagar utanom søndagane.

Som følgje av arbeidet kan gangvegen forbi kaien bli stengd i korte periodar.

Spørsmål om arbeidet kan rettast til Statkraft sin prosjektleiar, Torbjørn Tuften, på tlf. 414 55 830.