Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkerane kan bruke tida fram mot 14. april på å førebu seg.

Over hele Norge har ei rekkje arrangement innan idrett, kultur og frivilligheit vorte utsett, stengt eller avlyst. Krisepakken, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen.

No er mykje klart for at aktørar som fell inn under ordningen kan søke om kompensasjon for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, samt meirutgifter som følge av at arrangement må avlysast eller utsetjast på grunn av koronaviruset.

Det blir opna for søknader 14. april, men allereie no ligger det mykje god informasjon, rettleiing og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvalter de to ordningene.  Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivillighet). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.