A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Logo55_m-visjon21

Onsdag 28.okt: Middag og konsert - alle er velkomne!

Innsamling til flyktningane i Syria: Støttekonsert m/middag

Elevane i 5.-7.klasse serverer middag PÅ SKULEN frå halv fire til halv fem, og me samarbeider med Rockeverkstaden om konsert I DØLAHEIMEN etterpå (start kl halv fem). Det kostar 200,- for vaksne og 50,- for born, pengane går til vår eigen Redd Barna-aksjon. FAU hjelper oss med kakebaking, praktisk rigging og rydding og kaffikoking i Dølaheimen. Om nokon vil gje meir eller dele aksjonen med andre, er lenkja HER, det er berre å starte innsamlinga!
I tråd med vår nylanserte visjon om å vere Hjartet i bygda, vil me på oppvekstsenteret gjerne skape møteplassar med foreldre og resten av bygda, og me vil òg jobbe med solidaritet ved ha nokre aksjonar i løpet av kvart år der ungane lærer om verda utanfor Noreg og korleis ungar har det andre plassar i verda. Annakvart år samarbeider skulen og barnehagen om FORUT-prosjekt om hausten, men i år er det ikkje eit "Forut-år". Me skal difor ha middag og støttekonsert der pengane går til Redd Barna sitt arbeid med flyktningar i og frå Syria.
 
Obs: ALLE er velkomne på arrangementet, ikkje berre dei med tilknyting til skulen/barnehagen!
 
"SYRIAKONFLIKTEN PÅ 2 MINUTT" (frå Aftenposten TV):
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS