A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
2

INTERNASJONAL VEKE

I veke 44 var det internasjonal veke ved Gaupne skule. Denne veka brukte me til å bli betre kjende med alle dei 14 landa som er representerte med elevar på skulen vår. Me starta veka med ein kick-off i aulaen på måndag. Lærarane opna med song og dans, og elevane såg på med store auge;-) I løpet av veka gjorde klassane mykje spanande. Dei lærte songar frå fleire land, laga mykje god mat, laga veggavis, presentasjonar, photostory, teikna kart og mykje, mykje meir. Fredag hadde me ein utvida morgonsamling der klassane presenterte litt av det dei hadde drive med. Alle var samde om at me hadde lært veldig mykje denne veka. Me vil rette ein stor takk til dei foreldra som kom på besøk til oss og bidrog med både kunnskap og spanande matoppskrifter. Me gler oss allereie til neste gong!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS