Jarle Skartun tilsett som ny rådmann

Kommunestyret har i møte i dag tilsett Jarle Skartun som ny rådmann i Luster.
Han tek til i stillinga 10. april.
Jarle Skartun

Jarle Skartun, f. 1956, har vore tilsett i Luster kommune sidan 2004, mesteparten av tida som rådgjevar og i dag som kommunalsjef. I ein periode på i overkant av eitt år (2006-07) vikarierte han som assisterande rådmann. Skartun har i Luster kommune arbeidd over eit breitt saksfelt, men har hatt eit særleg ansvar for stabseininga eigedom. Han har og vore sentral i kommunen sitt budsjett- og økonomiplanarbeid.

Jarle Skartun kan elles vise til tung politisk erfaring, både frå kommunenivået (ordførar i Sogndal) og fylkesnivået. Han kan og vise til krevjande styreverv.
 
Jarle Skartun bur i Sogndal, men har godt kjennskap til Luster kommune – både som organisasjon og som geografisk eining. Etter ordføraren si vurdering har han gode føresetnader for å vidareføre det gode arbeidet som har vore ført på rådmannsnivået i kommunen.
 
Kommunestyret handsama saka i møtet sitt i dag, 16. februar 2012.
Dei gjorde slikt samrøystes vedtak:
  1. Luster kommunestyre tilsett Jarle Skartun som ny rådmann i Luster frå 10.april 2012.
  2. Formannskapet får fullmakt til å fastsetje tilsettingsvilkår og godkjenne arbeidsavtale.   
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS