Jegerprøve

Vilkår

Alle personar som har fylt 16 år og som ikkje er registrert i Jegerregisteret, skal ha godkjend jegerprøve før dei kan starte jakt eller fangst. Personar som er fast busett i utlandet treng ikkje ta jegerprøva dersom dei kan dokumentere at dei fyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt i landet dei bur.

Søknadsfrist

10. april og 10. oktober.


Jegerprøva består av eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Eksamen kan takast frå den dag vedkomande har fylt 14 år.

Luster Jakt- og Fiskelag arrangerer det obligatoriske jegerprøvekurset. Dette startar vanlegvis i januar. Når du har gjennomført kurset, kan du melde deg opp til eksamen.
Påmeldingsblankettar for skriftleg eksamen får du hjå Landbruk og naturforvaltning v/Einar Fortun, tlf. 57 68 55 81 / 94 50 46 93. Han kan også gi nærare informasjon om eksamen. Når du har greidd eksamen vert du registrert i jegerregisteret i Brønnøysund, og får tilsendt jegeravgiftkort. 

Forskrift om utøvelse av jakt og fangst dat. 22. mars 2002 nr. 150.



 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS