Kalender                              

Barnehagen er godkjent for 24 barnehageplassar. Barnehageåret 2023/24 er det 13 barn i barnehagen. 

Frå hausten 2024 har skulen 30 elevar på 1.-7.trinn som er delt i tre aldersblanda klassar. Småskulen (1.-4.trinn) med 15 elevar er delt i to klassar og mellomtrinnet (5.-7.trinn) med 15 elevar er ein klasse. 

Ved Jostedal oppvekstsenter har alle vaksne fokus på at relasjonsbygging er den vaksne sitt ansvar og utviklingsområde, og me ynskjer å gjere barn robuste gjennom å lære å løyse konfliktar, sette ord på kjensler og klare å stå i ubehagelege kjensler. Lærarane planlegg undervisning der elevane er aktive og medverkande. Me vil trekke fram nokre kjenneteikn ved det å jobbe og vere elev ved skulen vår:

Hjartet i bygda
Jostedal oppvekstsenter sin visjon er HJARTET I BYGDA. Me vil gje barna i Jostedalen ein trygg og lærerik oppvekst der dei kjenner personane og miljøet rundt seg så godt at dei kan vere opne for samfunnet og verda rundt seg. Vårt fundament som vaksne er å møte barna med respekt, ro og vennlegheit slik at kvart barn kan utvikle seg på sitt nivå samtidig som læring og sosialisering skjer i ein fellesskap der alle kjenner at dei høyrer til.

Satsingsområde i barnehagen

Leik

Å leike er navet i barnehagedagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Personalet skal organisere tid, rom og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik. (Rammeplan for barnehagen, s. 20).

I leiken er det barna sjølv som har sett prosessen i gang. Den blir styrt og strukturert av dei sjølv, og god leik er kjenneteikna ved at barna deltek frivillig. Leiken finn stad overalt der barna er. Dei viktigaste kjenneteikna ved leik er moro, usikkerheit, utfordringar, fleksibilitet og at leiken ikkje har noko mål utover leiken sjølv.

Lesing og språkutvikling

Språkutvikling skjer i all samhandling, i alle situasjonar og aktivitetar: Rundt matbordet, ved påkledning og i leik, men òg i strukturerte former som høgtlesing og spel eller andre opplegg i planlagde grupper.  

Dei vaksne i barnehagen skal sørge for at strukturerte former for språkutvikling skjer kvar dag, og i tillegg har me gjennom året ulike prosjekt som fremjer leseglede:

  • Dialogisk lesing: To periodar i året fordjuper me oss i ei bestemt biletbok over lengre tid, der me les boka fleire gonger, plukkar ut fokusord og lagar fysisk materiell som heng saman med handling og tema i boka.
  • Utlån av bøker: Me oppmodar foreldre til å låne barnehagen sine bøker med heim, og for å gjere det så enkelt som mogleg, har me bøkene i nærleiken av garderoben.
  • Bli kjende med og lære rim, regler, musikk, dans og rytme
  • Eventyr og historiar frå gamledagar

Sosial kompetanse

  • Samlingsstundar med tema om venskap og kjensler, korleis me er mot kvarandre
  • Trygge vaksne som tek ansvar for relasjonsbygging med kvart barn, er tett å leiken og observerer samspelet i barnegruppa, gir støtte der det trengs.

Foreldresamarbeid

  • Foreldremøte og foreldresamtalar
  • Spørjeundersøking for å få innspel til Årsplanen om hausten
  • Låg terksel for å ta kontakt om det er noko

Satsingsområde i skulen

Song, musikk og scene:

Me syng og speler mykje i lag, klassevis og i skulekoret. Fleire av lærarane er sjølv utøvande musikarar og kunstnarar og trekk dette inn i prosjekt på tvers av fag. Me har kvart år oppsettingar på scena i samfunnshuset i form av teater, konsertar og filmframsyningar for heile bygda der me lagar kostyme og kulissar som ein del av førebuinga.

Praktisk-estetiske fag i sentrum

Me brukar ressursar på å ha både varierte materialar og god vaksentettleik i faga Kunst og handverk, Mat og helse og Naturfag. Dette sikrar at me kan ha prosjekt der alle elevar får lære å utforske, men òg får øve på praktiske ferdigheiter som sying, saging, teikning, måling og matlaging.

Fysisk aktivitet og frisk luft kvar dag

Me er mykje ute på det flotte naturområdet vårt, og har symjing i nabobygget kvar veke for alle trinn. Om vinteren går me på ski i lysløypa, og innegym har me i flott, nyopprusta gymsal.

Grunnleggande ferdigheiter

Lesing, skriving og rekning både på papir og digitalt, og i kombinasjon med å trene på muntlege ferdigheiter, er ein sjølvsagt del av skulekvardagen. Me har lærarar med godkjent undervisningskompetanse både i engelsk, norsk og matematikk, og har bærbare PC’ar til alle elevar. Det er begrensa skjermbruk i 1.klasse, med ein gradvis progresjon etter alder, men me er glad i å gjere ting på papir òg med dei eldste elevane, til dømes handskrift, og teikning i kombinasjon med notatskriving.

Kvart år er skulen med og gir ut Jostedal skule- og bygdeavis (JSA) i lag med resten av bygda. Alle elevar har tekstar og teikningar i bladet.

 

Barnehagemiljø

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen skal arbeida kontinuerleg for å fremja helsa, trivselen, leiken og læringa til borna.

Eit godt barnehagemiljø handlar mellom anna om at barnet er inkludert i barnegruppa og opplever å vera betydningsfull for fellesskapet. Det å gå i barnehagen skal vera ei positiv oppleving og noko barnet ser fram til. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn i barnehagen vert utsett for krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering. Dersom eit barn ikkje har det trygt og godt, skal dei tilsette melda frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak.

Delpliktene i aktivitetsplikten er: 

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Les meir om barnehagen si aktivitetsplikt

Viss du mistenkjer eller opplever at barnet ditt vert mobba eller utsett for krenkingar, ta kontakt med leiinga i barnehagen.

Foreldreutvalet for barnehagar har laga eit hefte om kva tilsette og føresette kan gjera for å arbeida mot mobbing i barnehagen. Heftet er også tilgjengeleg på engelsk, polsk, somali, tigrinya og andre språk. 

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet: 
Barnehagemiljø 
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal.  

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/

Råd og utval

Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​  Bjørn André Skjæret og Nils Joar Ormberg
  • Representantar frå Elevrådet: Ylva Elvekrok og Francis Isaac Hails Gjelsten
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​Arvid Elvekrok
  • Representant frå øvrige tilsette: Sigbjørn Leirdal
  • Representant frå kommunestyret: Marthe Gjerde
  • Skulemiljøutvalet: Same som SU (kravet til SMU er at foreldre og elevar skal ha fleirtal i utvalet, og det har dei i SU)

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):

  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Gaupne skule består av alle klassekontaktene frå 1. - 7. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalget (SU) for Gaupne skule.

FAU skuleåret 2023/24:

  • Leiar:
    Bjørn André Skjæret, klassekontakt 1. klasse
  • Nestleiar:
    Nils Joar Ormberg, klassekontakt 6. klasse
  • Skrivar:
    Marte Meland, klassekontakt 4. klasse
  • Kasserar:
    Gry Andreassen Leirdal, klassekontakt 3. klasse
  • Medlemer:
    Lina Øygard Reksten, klassekontakt 2. klasse
    Dag Tore Dysvik, klassekontakt 5. klasse

Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak å arrangere jule- og sommarfesten samt å vere høyringsorgan i aktuelle saker.

Samarbeid med heimen

Skulen/Oppvekstsenteret ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Alle elevane får utdelt leksemappe i starten av skuleåret. Det er viktig at foreldra held seg oppdaterte ved å sjå i den. Elevane får vekeplan kvar veke. På desse planane vil ein i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Dette kjem òg som info via Visma Flyt Skole.

 

Føresettportalen - Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. For barnehage nyttar ein tilsvarande system; Visma Flyt Barnehage. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 
Foreldremøte
Skulen og barnehagen har kvart sitt foreldremøte i byrjinga av skule-/barnehageåret, og i tillegg har kvar av klassane på skulen eit klasseforeldremøte i midten av september. 

På våren er det eit tema-foreldremøte i samarbeid med FAU.
 

Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med ped.leiar/kontaktlærar. I barnehagen er det berre med foreldra, på skulen er eleven òg med på samtalen.