A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
opning av grillhytta

Juleferie!

Då er grillhytta formelt opna. Julelenka som Sfo hadde laga blei klypt av ordføraren måndag 21. des. Sfo hadde ordna med pølser, julegodt, saft og kaffi. Tilstades var m.a. byggjenemnda, Luster sparebank som har vore god sponsor, Luster kommune som støttespelar, entreprenørane og sjølvsagt deltakarane frå Sfo. Tusen takk til Hafslo bygdalag som organisert og planlagt eit fantastisk prosjekt som vert ein flott møteplass for alle i bygda. Skulen og barnehagane vil disponere hytta på dagtid kvardagane. Tysdag, onsdag og fredag er skulen sine dagar. Ellers vil ho vera open for bruk av alle. Hafslovatnet 4H ved Ann Elisabet Skjerven har ansvar for drifta, og leige av hytta vil verte administrert av ho.

Skulen vil ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Slapp godt av, nyt dagane, hald dykk unna Covid-19 og vær i fysisk aktivitet!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS