Jula er ei høgtid som forsterkar kjenslene våre, både gleder og sorger. Det kan av ulike årsaker vere ei vanskeleg tid for mange. Kjøpepress og forventingar kan skape vanskelege tankar. Tankar om å ikkje kunne gje barna det dei ynskjer seg til jul, tankar om at det blir vanskeleg å få økonomien til å strekke til.

Me ynskjer å bidra til at alle skal få oppleve ei god jul!

Julehøgtida handlar i hovudsak ikkje om materielle ting. Det handlar om å få vere saman med familie, venner og dei ein er glade i, men me ynskjer at «juleglede» kan vere med å bidra til at ein får litt færre bekymringar, at barna får noko dei ynskjer seg og at jula blir god for alle.

Det vert moglegheit for å fylle ut eit enkelt skjema for dei som har behov for ei «juleglede,» der ein kan velge mellom personlege gåver til barna eller ei «opplevingspakke» for familien.

Det vert også arrangert eit gratis arrangement i førjulstida for alle barn, unge og familiar i Luster kommune. 



Me ynskjer å nå ut til bedrifter og privatpersonar i Luster kommune som har lyst å bidra ved å gi eit valfritt beløp til dette arbeidet.

Me har oppretta Vipps og eit kontonr. som er knytt til dette formålet gjennom Luster Røde Kors.  

Vipps: # 519965 – Luster Røde Kors- Juleglede

eller

Kontonr. 3785.12.25871- Må merkast med «juleglede»


Helsing arbeidsgruppa «Juleglede-19» med representantar frå

Luster Røde Kors, NAV Luster, Luster frivilligsentral, Luster Lions, Gaupne helselag og Luster kyrkjelege fellesråd.

engel.jpg