Ordførar Ivar Kvalen sa då dette om prisen og kulturpriskandidaten: 

Luster kommune vil bruke kulturpris og kulturstipend til å gje betre vilkår for kulturarbeidarar i kommunen, og for å tene som inspirasjon for alle som driv aktivt kulturarbeid. Kulturprisen skal særleg vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid.
Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng.
Kulturprisen vil bli utdelt kvart år, så sant det finst høvelege kandidatar. 
 
I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:
Kandidaten som i år skal ta i mot kommunen sin kulturpris har vore sentral i kulturlivet i Luster kommune i mange år. Han har engasjert seg over eit breitt spekter av kulturaktivitetar frå ungdomsarbeid og idrett til lokalhistorie og sogeskrivar. I mange lag og organisasjonar, samankomstar av sosial art og ikkje minst som programleiar og visevert har han Kåre vore i fokus. Han har i det heile vore eit ”ja” menneskje av det sjeldne slaget.
I åra etter at Kåre Øvregard slutta som rådmann i Luster, har han vore forfattar av følgjande lokalhistoriske verk:
 
* Skulen i Luster gjennom 250 år og  kom ut i 1996.
* Stølar og stølsliv i Luster kommune som kom ut i i 1999.
* Leirdalen, ei perle i Luster, utgitt i 2003.
* Tiriltunger og brennenesler, ho Brita Moste og andre små soger. Denne boka
    vert også nytta i mange av skulane og kom ut i 2007.
* Jostedal kyrkje. Fakta og segn og soge gjennom 350 år er ei bok som vart til i   
    eit samarbeid med fleire medforfattarar, og utgitt i 2010.
 
Kulturpris 2011 - Kåre Øvregard

 
I tillegg til nemnde bøker har Kåre Øvregard skrive ei lang rekke kortare lokalhistoriske artiklar i publikasjonar retta mot eit lokalt publikum, t.d. i ”Bjønnaposten” og i ”Jostedal skule- og bygdeavis”.
Til saman ein imponerande produksjon av lokalhistoriske skrifter som me kan vera stolte over.
I ein alder av 78 år er han framleis aktiv på mange område.
Akkurat i desse dagar brenn han for Engjadalen. I eit samarbeid med Svein Nybø utarbeidar han og set opp informasjonsplakatar rundt om i Engjadalen. Der vil ein få informasjon av ymse slag som har allmenninteresse for turgåarar, m.a. mykje historisk informasjon.
 
Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at KULTURPRISEN for 2011 skal tildelast Kåre Øvregard.