Kan du tenkje deg brannvaktteneste?

Ledig stilling - Blå pil

Luster Brannvesen ynskjer å kome i kontakt med personar som kan tenkje seg å gå inn i deltidskorpset ved hovudbrannstasjonen i Gaupne. Det er venta at nokon kjem til å slutte komande år og det vil då vere trong for å fylle ulike tenestestillingar, mellom anna på leiarnivå med pålagt vaktteneste.
Frå same tid vert det også spennande endringar ved at branntenesta blir ein del av eit interkommunalt selskap og med forventningar om eit større og profesjonelt nivå.


Nærare opplysningar om teneste, vaktturnus og godtgjersler får du ved å kontakte brannsjef Hans-Morten Blikseth, Sogn brann og redning IKS, på telefon 57 62 96 00.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Rettleiing - Korleis søke på ledig stilling

For å søke på ledige stillingar må du nytte vårt elektroniske søknadsskjema.

NB!
Dersom du skal søke på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.

Utdanning og praksis må vere fullstendig utfylt for at søknaden skal verta handsama. Dette gjeld også for fast tilsette i Luster kommune som søkjer på interne stillingar.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
e-postadresse i søknaden.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør den nye offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontaktinformasjon

Sogn brann og redning IKS

Postboks 153
6851 Sogndal

Tlf. 57629600

Sjølvbetening

Web levert av CustomPublish AS