Eventuell klage på formuesgrunnlaget må rettast til Skatteetaten gjennom klage på likning etter likningslova sine reglar.  Dersom du meiner opplysningane om bustaden din er feil, må du kontrollera opplysningane som Skatteetaten har om bustaden; primærareal (P-areal), byggeår og bustadtype. Desse opplysningane finn du under  «Grunnlag for likningsverdi» på side 2 i Sjølvmeldinga.

Dersom du meiner opplysningar om bustaden din er feil, må du sende ein grunngjeven klage til Skatteetaten. Dette gjeld og om du meiner formuesgrunnlaget er for høgt i forhold tildet du meiner er den sannsynlege marknadsverdien for bustaden. Etter likningslova § 9-2 nr.4, siste punktum er klagefristen 6 veker frå skattesetelen vert motteken frå kommunen. Denne klagefristen gjeld berre det første året eigedomsskatten vert skriven ut basert på på formuesgrunnlaget. Seinare år vil klagefristen vera 6 veker etter at skatteoppgjeret (likningsoppgjeret) er sendt til skatteytar, jf. likningslova § 9-2 nr.4, første punktum.

Meir informasjon om  dokumentasjon av marknadsverdi og klagereglar vedrørande Skatteetaten sitt formuesgrunnlag finn du på Skatteetaten sine internettsider www.skatteetaten.no/bolig. Du kan og ringja Skatteetaten på telefon 800 80 000 for å få informasjon.
Adresse: Skatt Vest, Postboks 8103, 4068 STAVANGER.

 

KLAGE TIL KOMMUNEN

Klagefrist 2021 er  8. april

Klager som ikkje gjeld Skatteetaten sin bustadverdi (formuesgrunnlag) skal sendast til Luster kommune. Forhold du kan klage på, kan til dømes vera dersom det ikkje er gjeve botnfrådrag og du meiner dette er feil. Reglar  om klage er fastsett i lovom eigedomsskatt § 19. Utdrag frå § 19:

  • Skatteytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktetav den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart send i samsvar med § 14.

Klage skal vera skriftleg. Klagefrist er 8. april. Me ber deg om å merka klagen tydeleg med gards- og bruksnummer, eventuelt også med feste- eller seksjonsnummer. I tillegg må du hugsa å oppgje telefonnummer som du kan treffast på. Også eventuelle vedlegg må vera merka med gards- og bruksnummer.Grunngjevinga for klagen må dokumenterast så godt som mogeleg.

Alle klager som ikkje gjeld formuesgrunnlag - og som er sette fram innan klagefristen – vert handsama av kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt. Handsaminga av innkomne klager vil ikkje starta før klagefristen er gått ut. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, går den automatisk vidare til kommunen si sakkunnige klagenemnd for eigedomsskatt

Det er ikkje klagerett på kommunestyret sine vedtak om eigedomsskatt  (innføring av eigedomsskatt, promillesats for eigedomsskatt, botnfrådrag m.m.).

Klager til kommunen skal sendast:

elektronisk skjema

ev. i posten til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne