A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Klassar

Skulestart 2021

Velkommen alle små og store til nye og SPENNANDE skuledagar! Håpar de har hatt flotte dagar denne sommaren 😊

Me gler oss til å treffa dykk alle att på måndag 16.august klokka 8.30 

Beste helsing Gro Anita og Ingrid

2021-08-12

Haustgym

2020-10-16

Kirkeinspeksjon

Fin gjeng som var på utforskingstur til kyrkja i Solvorn i dag. Me fann ut mykje rart - blant anna at den er veeeeeeeldig gammal - nesten like gammal som læraren sin :/  :) 

På kirketurne.jpg

2020-09-03

Fellestur til Huarplassen

Vestlandet synte seg frå si beste side, den dagen då me gjekk til Huarplassen. Nydeleg vær og ungar i strålande humør, gjorde turen til ei fantastisk oppleving. 

Mellomtrinn 2020_2021_247x185.jpg  Utsikt Huarplassen_240x320.jpg

2020-08-21

Velkommen til nytt skuleår!

Ynskjer alle elevar og føresette velkommen til nytt skuleår! Me startar oppatt måndag 17.august, klokka 8.30. Ynskjer spesielt velkommen til dei nye 5.klassingane våre :) 

h.jpg

2020-08-14

God sommar!

Tusen takk for ei fin sommar-/7.klasse avslutningsfest tysdag 16.juni. Epletreet er som seg hør og bør, planta med kyndige hender av Jermund. 7.klassingane var flinke assistentar. Ynskjer alle store og små ei riktig god sommarferie! Takk for følgjet so langt til dei flotte 7.klassingane våre, Niklas, Susanne og Storm. Lykke til på ungdomsskulen. 

God sommarhelsing frå alle oss tilsette. :)  

20200617_114732_629x838.jpg

 

 

20200616_191228_608x607_308x307.jpg

2020-06-19

Gratulerer med dagen!

Ynskjer alle ei retteleg god nasjonaldagsfeiring, frå alle oss ved oppvekstsenteret. 

20200515_130132_501x453.jpg

2020-05-17

Skulen stengt fram til 13.april

Som dei fleste no sikkert har fått med seg, er skulen stengt til og med 13.april. Meir informasjon om dette frå udir, finn de her: https://www.udir.no/korona

Me held fram som før, med undervisning hovudsakleg på Teams. Elevane er etter kvart vortne meir drivne på denne måten å ha skuledag på, men me har forståing for at dei kan verte både frustrerte og leie innimellom. Dei gir uttrykk for at dei saknar kvarandre og at dei har eit ynskje om å få spele fotball saman att og andre normale "friminutt"aktivitetar. Det beste rådet me kan gi då, er å vere tolmodige. Vi er i ein unntakstilstand og normal kvardag kjem tilbake. Dersom de ynskjer å snakke med oss på skulen om tankar eller spørsmål de har no, er me tilgjengelege frå klokka 9.00 til 14.30 kvar dag. 

Her kan de lese meir om gode råd til korleis ein kan forhalde seg til situasjonen no: https://bufdir.no/Foreldrehverdag/trygge_rad_til_foreldre_i_korona_hverdagen/

2020-03-26

Bygdalaget på besøk

Denne veka var me so heldige å få bygdalaget på besøk på skulen. Dei hadde med seg ein framifrå lunch, som ei påskjønning etter at skulen deltok på strandsitjardagane. Dette vart sett stor pris på, av både små og store ved skulen. Me samla oss rundt borda og fekk servert hedlekaker, lappar, heimarørt jordbærsylte, brunost og sukker, nydeleg eplejuice pressa lokalt i Solvorn, brownies og frukt. Dette vart ei veldig fin samlingsstund og me takkar Tordis og Per Jørgen for besøket. De er hjerteleg velkomne tilbake! 

20191030_112449.jpg 20191030_113605.jpg 20191030_114730.jpg 20191030_113618.jpg 20191030_113557.jpg

2019-11-01
Powered by CustomPublish AS