Slik køyretøya no står, er dei å sjå på som avfall, og ulovleg plassert etter § 28 i ureiningslova (Lov om vern mot ureiningar og om avfall av 13. mars 1981 nr. 6). Køyretya står på kommunal parkeringsplass og kommunen oppfattar køyretya som skjemmande. Vraka inneheld også miljøgifter som representerer fare for ureining. Med heimel i ureiningslova § 37 får eigarane pålegg om å fjerna dei køyretøya frå parkeringsplassane innan 26. april 2021. Dersom køyretya ikkje er fjerna innan fristen kjem Luster kommune som grunneigar til å fjerne køyretya og farkostane.

Polsk registrert Mercedes som står på kommunal eigedom på Hestnes

Schmitz tralle som står på kommunal eigedom på Røneidsgrandane

Båt som ligg på kommunal eigedom på Røneidsgrandane

Større trebåt som står på kommunal eigedom på Røneidsgrandane