A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Mat og helse, kull 2007

Kokkekamp 2019

Gratulerer så mykje til dei fem flinke kokkane som stakk av med seieren i Kokkekamp 2019. 6. klasse hadde kokkekamp i mat og helse timane fredag 10. mai. Elevane hadde planlagt meny, handla inn for maks. kr. 150,- pr. gruppe og fordelt arbeidsoppgåver. Menyen besto av forrett, hovudrett og dessert. Alle gruppene serverte flotte rettar, dei hadde vore flinke til å halde seg innafor budsjettet og veldig bevisste på sunt kosthald. Utruleg kjekt å få vere dommar og smake på så mykje god mat! Vinnarane serverte til forrett - eggerøre på fersk heimelaga fletteloff, hovudrett - tagliatelle med kyllingkjøtdeig og pastasaus, dessert- fruktsalat servert i appelsin.

IMG_1093
IMG_1092
IMG_1091
IMG_1090
IMG_1089
IMG_1088
IMG_1087
IMG_1086
IMG_1085
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS