A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kokkekamp - vel blåst!

Onsdag 18.april var det duka for kokkekamp blant elevane i 5.-7.klasse. Dei hadde på førehand planlagt eit måltid med hovudrett og dessert til 4 personar og laga handleliste innanfor budsjettet på 150 kroner. På to timar skulle dei lage og førebu måltidet, og servere maten til eit dommarpanel. Elevane hadde ein iherdig innsats, jobba og samarbeida godt i to timar og maten som vart servert var variert; kjøttkaker i brun saus, kylling med spicy ris, biffstrimler med bakt potet, kjøttdeig og pasta steikt i form, heimelage fiskepinnar og pasta-og laksesalat med pesto og ruccula. Dessertane var alt frå frisk fruktsalat, til mektige sjokoladefondantar og sjokolademousse. Flott innsats av kjempeflinke og ivrige elevar!!

Kokkekamp 1     Kokkekamp 2   Kokkekamp 3   Kokkekamp 4

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS