Kommunale tilskot 2012

Det kan ytast tilskot til vegar, kulturføremål og tiltak i jordbruket. Dei fleste av desse ordningane har søknadsfrist 1. mars.

Tilskot til vedlikehald private vegar

Vegar over 300 m har rett til tilskot. For alle vegar skal det trekkast frå 100 m pr. interessent før tilskotssummen vert utrekna.

Tilskot vert gitt etter søknad der det skal gå fram lengde på vegen og talet interessentar. Som interessent vert rekna kvar eigedom (gbnr.) med heilårsbustad.

Heile regelverket finn du her.

Dei som fekk tilskot til vedlikehald i fjor treng ikkje å søkje på nytt, men er pliktig å melda endringar i tal meter eller interessentar.
 
Kontaktperson: Terje Arild Kveane tlf. 57 68 57 40 epost terje.arild.kveane@luster.kommune.no.

Søknadsfrist 1. mars 2012.

*

Tilskot til kulturføremål

Luster kommune har på sitt budsjett for 2012 vedteke det økonomiske omfanget til dei ulike tilskotsordningane. Reglement for tilskot til kulturføremål, gjeldande for 2012-2015, regulerer vilkåra for og storleiken på den kommunale medverknaden. Det kan søkast om:
 
1. Grunnstønad
2. Lokale arrangement, spesielle tiltak utanom ordinær aktivitet og gåvepremiar
3. Refusjon for drift av anlegg (spesifisert for kvart enkelt anlegg)
4. Nærmiljøtiltak
5. Større vedlikehald (jf. kommunedelplan)
6. Fritidsleiing
7. Friluftslivstiltak
8. Kulturvern og antikvarisk kulturminnevern
9. Samarbeidsavtalar og kulturstipend

Søknadsskjema for ordningane finn du på heimesida under Sjølvbetening.

Kontaktpersonar:
Erling Bjørnetun, tlf 57 68 55 21, epost erling.bjornetun@luster.kommune.no 
Liv Helen Nystuen, tlf 57 68 55 42 epost liv.helen.nystuen@luster.kommune.no.

Søknadsfrist er 1. mars 2012.

Søknad om tilskot til fritidsleiing, spesielle tiltak og gåvepremiar kan søkast på heile året.
 
*

Tilskotsordningar i landbruket

Utlysing av tilskot til spesielle miljøtiltak i jorbruket (SMIL) våren 2012.
 
Tiltak knytt til tradisjonell bruk av utmark:
- Restaurering av eldre stølshus og stølsmiljø.
- Rydding og skjøtsel av slåtte- og beitemark.
- Restaurering av gamle steingjerde og andre særeiga
 kulturmarkselement.
- Uteløer.
- Restaurering av gamle ferdselsvegar.
 
Tiltak som kan bidra til å ta vare på biologisk mangfald i Luster kommune:
- Utarabeiding av skjøtselplanar for spesielt verdifulle område.
- Støtte til område som har skjøtselplanar eller andre
 planar, som t.d. miljøplan trinn 2 på gardsbruk,
 for ivaretaking av område med spesielt biologisk
 mangfald.
 
Tiltak som hindrar/reduserer ureining, som t.d. avrenning frå landbruket og liknande.
Tiltak som er knytt til nasjonale, regionale og lokale verdifulle natur- og kulturlandskap.
Bruken av SMIL-midlar skal prioritera søkjarar som har rett på produksjonstilskot, samt til søkjarar med tiltak på leigejord.
Tiltak med høg verdi for ålmenta skal prioriterast før tiltak med rein eigennytte.
Her er link for meir informasjon og søknadsskjema.

Spørsmål? Ta kontakt med naturforvaltar Inger Moe, tlf. 57 68 55 84 epost inger.moe@luster.kommune.no.
Søknadsfrist 1. mars 2012. (Restfordeling: 1. sept.)
-
Utlysing av tilskot til nærings- og miljøtiltak innafor skogbruket 2012.
- Tilskot til replanting av hogstområde.
- Tilskot til skogkultur.
- Kultivering av lauvskog.
- Søknad om midlar til skogbilvegar og tilskot til drift i bratt terreng vert avgjort av fylkesmannen, men skal sendast om kommunen.
Spørsmål? Ta kontakt med skogbrukssjef Arne Kristian Borger, tlf. 57 68 55 51 epost arne.kristian.borger@luster.kommune.no.
 
Søknadsfrist: 1. mars og 1. september 2012.
-
Elles: Det er ikkje særskild søknadsfrist for kommunale tilskotsordningar innan landbruk.
 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS