Planprogrammet skal minst gjera greie for:

  • føremålet med planarbeidet
  • planprosessen – deltakarar, fristar
  • opplegg for medverknad
  • skildring av evt alternativ som vert vurdert
  • behov for utgreiingar – spesielt i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar

Føremålet med samfunnsdelen er å dra opp dei langsiktige utviklingslinjene og prioritera oppgåver som kommunen skal løysa. Planprogrammet skal leggja til rette for ein god planprosess, og skapa best mogeleg rammer for arbeidet. Planprogrammet vert fastsett av kommunestyret.

Planprogrammet

Papirversjon er i tillegg utlagd på Rådhuset og biblioteket i Gaupne.

Merknader til planprogram vert å senda til Luster kommune, 6868 GAUPNE eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no  innan 29.04.2017.

Spørsmål kan rettast til:

Kommuneplanleggar Torunn Løne Vinje, e-post: torunn.lone.vinje@luster.kommune.no - tlf 57 68 55 93, eller

Plansjef Arne I. Lerum, tlf 57 68 55 07, e-post; arne.ingjald.lerum@luster.kommune.no