Ivar Kvalen + Anders Fortun m.diplom+medalje_600x399.jpg

Godt folk, bygdafolk og tilreisande!

Ved eit slikt høve som dette, med ei flott programmessig ramme og med bygdefolk og frivillige medarbeidarar samla til ei årleg kulturell feststund som strekkjer seg over ei heil helg,  er det - gode lustringar, ei glede og ære å få vera nettopp her i dag.

Eg har naturlegvis fått med meg at nettopp her i Skjolden har grunnlaget for å ta eit tak for fellesskapet, arbeide for og med det me kan kalla «lokalsamfunnet» - og for at den oppveksande generasjonen skal kjenna seg vel tilpassa og trivast, hatt og har framleis ein sentral plass i innbyggjarane sitt medvit.

Nokon av dei mange som har «slite» og «jobba» blir truleg heller ikkje spesielt takka for det dei har medverka til, men mest fordi det vert rekna for å vera naturleg og som de sikkert har tenkt mang ein gong: «da skulle no berra mangla». Nettopp denne underliggjande viljen og krafta som kjem til overflata her i Skjolden får også storsamfunnet til å reagere – ja, til og med applaudere!

Eg har lenge opplevd dette lokalsamfunnet som særleg positivt og kreativt i forhold til å skape noko for mange. Enkelt personar vert også lagt spesielt godt merke til nettopp fordi dei ikkje er «hælsparkarar» men oppfinnsomme og framsynte og dyktige nyskapande og lagspelarar.

Og ein av desse vil nettopp på grunn av sitt engasjement og «stå-på-vilje» bli takka og heidra…

«Å vera aktiv er berre positivt» skal han ha sagt ein gong, og « alder er berre eit tal som endrar seg ein gong i året»…. Denne aktive pensjonisten har fleire dugnadstimar for veka enn folke flest har arbeidstid. Og han legg si ære i å utføra sine oppgåver betre enn nokon andre. Ei slik innstilling og vilje til løfta kvaliteten på eigen innsats vert sjølvsagt også lagt merke til i vide krinsar, ja, i dette tilfelle også internasjonalt.

Det vil sjølvsagt føra for langt i å gå i detaljar på alle dei enkeltståande tiltak, arrangement og prosjekt som vedkomande har vore involvert i. Eg nøyer meg difor med å nemna at i dei siste 40 åra, der  me har samla fakta til ein sokalla dokumentasjon, har vedkomande figurert som alt frå vald organisatorisk leiar til trenar (og då særleg innan greina langrenn) og som dugnadsansvarleg  og løypekøyrar.

Kanskje særleg som trenar i langrenn har vedkomande vorte nemnd, ikkje berre som den som tok den høgste utdanninga ein kan ta her i landet, men som den trenaren som hadde eit ansvar for å bringa Ellen Johanne Lunde til 2. plass i VM-stafett for juniorar, og Aud Hellesnes til 6. plass i NM for å nemna nokre.

Som løpsleiar for Fanaråkløpet i 2003, som den gongen var eit gateløp på 7 km mellom Skjolden og Fortun, har vedkomande i lag med ei lokal kjernegruppe makta å gjera Fanaråken Duatlon som gjekk frå Skjolden til Fanaråken til det som dei fleste i dag kjenner best som motbakkeløpet Fanaråken Opp.

Særleg etter at vedkomande vart pensjonist har det aldri vore problem med å kontakta han når det har vore trong for dugnadshjelp. I denne samanheng må nemnast det store frivillige arbeidet han har lagt ned med å opparbeida langrennsløyper og arrangere skirenn først i eige idrettslag her i Fanaråk sitt område, og seinare på Sogn Skisenter på Hafslo.

Vedkomande person har vorte heidra med kommunen sin kulturpris. Den prisen vart også tildelt med den forhåpninga at det markerte starten på noko og ikkje det motsette – altså at noko av bakgrunnen for å få den prisen var at vedkomande skulle halda fram dei gode gjerningane som var grunnen for den nominasjonen.  

Og eg trur det er slik me vil for alltid hugsa deg, som den «stå-på-personen» som gjennom grundig og sikker oppfylgjing av eit arbeid som alltid har enda eit utprega ærleg og samvitsfullt resultat.

Og det er med desse orda eg no kan meddela at

H.M. Kongen har tildelt fortenestemedaljen til Anders Fortun.

Ivar Kvalen festar medaljen på Anders Fortun B_500x437.jpg