Kjartan Kvien er  mangeårig medlem i Luster Senterparti og er ein person som har gjort svært mykje samfunnsnyttig arbeid, både politisk, frivillige lag og organisasjonar og gjennom arbeidet sitt.

Kjartan kom til Fortun som driftsingeniør i Årdal og Sunndal verk i 1961.  

Frå 1984 til han gjekk av med pensjon i  1998 var han sjef for Luster Kraftlag/Luster Energiverk 
Samanslåinga av Luster, Jostedal og Hafslo kraftlag var det fyrste han måtta ta til med som everksjef. Samanslåinga gjekk utan store friksjonar, og heile bedrifta vart etter kvart samla i nytt bygg i Gaupne.

I Kjartan sin periode som everksjef vart kraftforsyninga til alle deler av kommunen utbetra og modernisert, spesielt til Sørsida og Veitastrond der linjene var svært utsette for ras. Trass store investeringane med oppgradering av linjenettet, var og er Luster Energiverk i dag eit svært økonomisk solid selskap, mykje av dette kan takkast Kjartan si nøkterne og langsiktige styring.
 
Kjartan hadde fleire tillitsverv i samband med kraft og kraftforsyning. Han sat mellom anna mange år i styra i Sognekraft og Luster Energiverk.

Kjartan har lagt ned eit stort engasjement i ulike lag og organisasjonar. Han var sentral i skipinga av fjellvegen Årdal - Luster. Han har sete i styret sidan opninga i 1971 og har vore anten leiar eller nestleiar. 

Kjartan har vore levande interessert i forvaltning av fjell og friluftsliv, og tilrettelegging av desse resursane for allmenta. Den største innsatsen har han truleg lagt ned i Fjellstyret for Luster austre statsallmenning. Han vart vald inn som leiar i 1976 og er med i styret enno etter snart 35 år. Gjennom sitt arbeid i Fjellstyret har han utført eit imponerande pionerarbeid med jakt og fiskeavtalar som femnar over privat og statlege eigedomar, også over fylkesgrensene.

Han har hatt ei rekkje verv i Luster Senterparti i nærare 40 år, mellom anna som medlem i kommunestyret 1991 - 95. I dag er han nestleiar i eldrerådet.

Utdelinga føregikk på Fjordstova og ordførar Torodd Urnes overrekte medaljen.