Høgdegarden Ormelid ligg vakkert til på ei fjellhylle 450 moh i Fortunsdalen. Her har Kjellaug og Erling budd og arbeidd heile sitt liv, fram til dei flytte ned i bygda i 2005. Garden ligg i dag avsides til, men har vore ein sentral gard frå historisk tid. I 3000 år kan den ha vore ein stoppestad for farande mellom fjellbygdene i aust og vest. Kjellaug og Erling har halde på denne tradisjonen og er vide kjende for sin gjestfridom. Mange har stoppa på turen ned frå fjellet og vorte godt traktert. Slik har dei også formidla historia om livet på ein høgdegard langt inn i den moderne tida.

Ormelid er eitt av fire gardsområde som i perioden 1994-2000 var med i det tverrfaglege forskingsprosjektet "Den tradisjonelle vestlandsgården som kulturbiologisk system", under leiing av Høgskulen i Sogndal og Universitetet i Bergen og finansiert av Norges Forskningsråd. Kjellaug og Erling har stor forteljarevne og sit inne med store kunnskapar som dei formidla til dette prosjektet. Av dei fire gardane som var med i dette prosjektet var det berre på Ormelid at den tradisjonelle levemåten i stor grad var halden i hevd. Dei produserte og foredla det meste av maten sin sjølv og gamle mattradisjonar har stått i fokus.

Kjellaug og Erling har i fleire år hatt eit sterkt ynskje om at bygningane og garden i sin heilskap vert forvalta og teke vare på for framtida. Det er no utarbeidd framlegg til freding av Ormelid.

Ordførar Torodd Urnes overrekte fortenestemedaljen 23. mai i heimen til Kjellaug og Erling i Luster. Representantar frå sogelaget, Geirr Vetti og Bjørg Hovland, og nære venner, var til stades ved seremonien.