Ordførar Ivar Kvalen overrekte medaljen under Luster Turlag si 40-års jubileumsfeiring laurdag 26. november.

Berre bli ståande, sa ordførar Ivar Kvalen då turlagsleiaren var på veg ned att etter å ha takka for kommunal blomehelsing.

Turlaget har vore og er viktig for fysisk aktivitet og folkehelsa. Friluftsaktivitetar vil vera eit satsinsområde for kommunen dei neste åra. Å få fleire med på fysisk aktivitet er til gode for alle, og me sit att med trivsel og betre helse. Luster turlag vil ha ei stor rolle i dette arbeidet, sa ordføraren, før han byrja på talen som gjorde at folk i salen byrja å ana kva som var i vente.

Stein Bugge Næss og turlaget er ein og same person for oss. Du har vore organisator, forretningsmann og politikar, har vore styreleiar i Luster sparebank og er no styreleiar i Luster Energi. Etter Handelshøgskulen underviste du i sju år på handelsskulen i Sogndal, før du tok over butikken og har bygt opp eit flott turistanlegg i Høyheimsvik.

Berre 11 år gamal var Stein på Fanaråken. I 1975 var han på Storen for første gong. Interessa for fjellet har gått som ein raud tråd i livet hans. I tillegg til å leggja ned eit stort arbeid, er turlaget eit føredøme for andre, han har òg vore ivrig etter å skipa eit barnas turlag og DNT Ung. For turlaget er det viktig å få med seg born og ungdom. Oppslutnaden om turlaget er stor, over 10 prosent av lustringane er medlemer.

Turlaget har restaurert hytta og bygt sikringsbu på Fivla, og deretter gjekk laget i gang med å restaurera Fuglesteg. Du har gjort ein enorm innsats på Fuglesteg, sa Kvalen. Han tok ein liten pause.

For det store arbeidet ditt har Kongen gjeve deg Kongens fortenestemedalje i sølv.

Applausen var spontan, ståande og hjarteleg frå alle i salen.