KONSERT MED GOOD TIME CHARLIE
I dag har me hatt besøk av bandet Good Time Charlie som framførte konserten "Draumeblues og blåsus" for alle elevane våre, samt 1.-7.kl. ved Indre Hafslo oppvekstsenter. Elevane hadde øvd inn tre songar på førehand, og song med av full hals. Både store og små hadde ei kjekk stund med bluesmusikk på nynorsk.