Få hjelp i rettleiaren frå Direktoratet for byggkvalitet

Sjå også informasjon i rettleiaren «grad av utnytting» frå kommunal- og regionaldepartementet.

Før du bruke rettleiaren frå direktoratet må du avklare planstatusen for eigedomen din. Den finn du i kommunen si kartløysing. Huk av for Luster i nedtrekksmenyen til venstre i bilete.  Søk opp eigedomen din og huk av for «reguleringsplaner» rett under kommunevåpenet. Du ser informasjon om din eigedom i feltet til høgre som heiter «Kartlagsinfo». Trykk på «reguleringsplan» for å få fram reguleringsplanen som gjeld for din eigedom. 

  • Er eigedomen regulert?

Viss det finst ein reguleringsplan er eigedomen regulert.

  • Står det noko om utnyttingsgrad i reguleringsplanen eller kommuneplanen?

Det må vere oppgitt som ein av følgjande:

  • BYA eller %BYA
  • BRA eller %BRA
  • T-BRA

Du kan ikkje nytte rettleiaren dersom dette manglar.

Du finn kommuneplanen ved å velje «kommuneplan» i kartet. Viss kommuneplanen ikkje vises for eigedomen din, så prøv å zoome lenger ut i kartet.

  • Står det noko i kommuneplanen om at den gjeld framfor reguleringsplanen?

Nokre reguleringsplanar i kommunen skal gjelde framfor kommuneplanen. Kva for reguleringsplanar dette er finn du i Kommuneplanen sin arealdel, punkt 4.6.4 (frå s. 40)

Kor stor er eigedomen din?

  • Dette kan du finne ut ved å trykke på «eiendommer» i feltet «kartlagsinfo». I feltet «areal» skal det stå storleik på eigedomen din.  Du kan også finne denne informasjonen via seeiendom.no