Status korona i Luster kommune veke 1 2023

Epidemiane av covid-19, influensa og RS-virusinfeksjonar auka i veke 51 og 52. Det er fleire innleggingar med influensa enn med Covid-19. Talet på sjukehusinnleggingar med luftvegsinfeksjonar er høgt og aukar framleis ifølgje FHI.

Smittevernråda er framleis å halda seg heime om ein blir sjuk med luftvegssymptom og ha god hoste- og handhygiene. Om ein er sjuk men likevel må oppsøkja plassar der det er mange samla eller besøkja risikogrupper innandørs, bør ein nytta munnbind. Personar i risikogrupper som skal vera blant mange folk innandørs i periodar med mykje smitte, bør vurdera å bruka munnbind. Elles kan samfunnet halda fram med ein normal kvardag, ifølgje FHI.

Generelt treng folk ikkje å testa seg ved øvre luftvegsinfeksjonar – derfor har kassen med hurtigtestar i ein periode ikkje stått framme på Helsesentret. No blir antiviral behandling mot Covid-19 tilbod (også for influensa) for nokre risikogrupper - så de kan det likevel vera relevant å testa seg. Den antivirale behandlinga kan redusera risikoen for alvorleg sjukdomsforløp. Hurtigtestar blir derfor igjen tilbode på legekontoret.

Grupper som antiviral behandling kan vurderast for er alle over 80 år uansett vaksinasjonsstatus, dei over 65 år der det er meir enn 6 månader sidan siste vaksinasjon, spesielt ved andre samtidige sjukdommar og uvaksinerte over 50 år med andre alvorlege sjukdommar.

Desse gruppene kan testa seg med hurtigtest, og ved positiv hurtigtest ta kontakt med legekontoret for å vurdera behov for behandling med Paxlovid eller anna antiviral behandling. Behandlinga bør setjast i verk så raskt som mogleg, men då medisinen berre blir utlevert ved apoteket og det skal takast blodprøver innan oppstart skal vurderinga skje på dagtid på legekontoret.

Vaksinasjon mot influensa og Covid-19 er ikkje for seint. FHI oppmodar alle til følgje vaksinasjonstilrådingane. Det er moglegheit for vaksinasjon mot Covid-19 og influensa på helsesenteret dei fleste fredagar. Det er moglegheit for timebestilling på nett.

Ny oppfriskningsdose for haust/vintersesong

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at følgande grupper bør ta ein ny oppfriskningsdose med koronavaksine før komande haust/vintersesong:

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre
  • personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • ungdom i aldersgruppen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.
  • gravide i 2. og 3. trimester

Dette vil for dei fleste vera dose 4, men for enkelte med alvorleg svekka immunforsvar vil det være dose 5. 

Anbefalingen om å ta ny oppfriskningsdose gjeld og dersom du nylig har gjennomgått ein koronainfeksjon. Gjennomgått sjukdom vil imidlertid gi deg god beskyttelse den første tida etter at du har vore syk og du kan derfor avvente i 3-4 månader før du vert vaksinert med ny dose.

Anbefalt intervall sidan forrige vaksinedose bør vera minimum 4 månader.

Det er mulig å ta vanleg influensavaksine samtidig med ein oppfriskningsdose med koronavaksine.

Det er og opna opp for at dersom du er i aldersgruppa 18-64 år og ikkje har risikotilstandar, har du mulighet til å ta ein ny oppfriskningsdose dersom du sjølv ynskjer det.  

Luster kommune gir tilbod om vaksinasjon på helsesenteret.  Kontakt legekontoret for timebestilling eller bestill time på helsenorge.no.  Måndag 05.12.2022 kl 13-15 vert det i tillegg høve for drop-in.