Felles uttale frå Kommuneoverlegane. Vi har følgjande sterke oppmoding til innbyggarane, og besøkande i kommunen

Den første tida etter heimkomst frå område med høgt smittepress har du høgare risiko for å vere smitta med koronaviruset, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytte dei rundt deg:

  • Hald 1 meters avstand til alle – og 2 meters avstand til eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta
  • Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre
  • Ikkje oppsøk stadar der folk samlast
  • Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit
  • Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber

Auka smittepress fleire stader i landet, har ført til ei innstramming av nasjonale føringar som er konkretisert i Covid-19-forskriften. Smittepresset varierer mykje mellom og innad i dei ulike regionane i landet. På VG sine heimesider kan de alle finne god oversikt over smittestatus i landet, heilt ned på kommunenivå.

Både Oslo- og Bergen-regionane har no eit høgre smittetal enn i fleire europeiske land. Status i kommunane i det gamle Sogn og Fjordane er meir oversikteleg, det er låge smittetal hittil, men vi er bekymra for at den alvorlege smittesituasjonen i Bergen og Oslo skal spreie seg til vårt distrikt.

Pandemien har vart lenge, og vil vare i lang tid enno. Den nasjonale strategien er at vi alle held fast på dei generelle smittevernstiltaka om å halde seg heime ved symptom, halde avstand (minimum,1meter), god hand og hostehygiene og begrense tal nærkontaktar. I tillegg nyttar ein TISK- strategien, som betyr omfattande Testing, Isolering av påvist smitta personer, rask Smittesporing og å sette nærkontaktar i Karantene for å bryte vidare smitte. Lokale forskrifter nyttar ein ved ukontrollert smittesituasjon der denne tilnærminga ikkje lenger er god nok.

Reiser
I gamle Sogn og Fjordane har denne strategien så langt vore vellukka. Dette skuldast nok mellom anna vår geografisk spreidde befolkning og innbyggarane si generelle gode evne til å etterfølge smittevernsråda. Vi meiner at no, med så mykje smitte omkring oss, så er det viktig å presisere det ansvaret kvar einskild har med tanke på å opptre på ein smittevernsmessig forsvarleg måte. Vi vil oppmode om å reise minst mogleg. Har ein har vore i eit område med pågåande lokalt utbrot dei siste 10 dagane, utvise særskilt omsyn i forhold til omgjevnadane.