Luster kommune er på risikonivå 2. Risikonivået kan gå ytterlegare opp i dagane som kjem. Vi har no 5 innbyggarar med påvist Covid-19, alle 5 befinn seg i isolasjon her i kommunen. Smittesporing pågår og mange lustringar er sett i karantene og endå fleire er testa. Vi ventar ei rekke prøvesvar i dagane som kjem og kan få påvist fleire smitta.

Alle i kommunen vert oppfordra til ekstra aktsemd for smittevernreglane i dagane og vekene som kjem. Hald avstand, vask hendene, nytt handsprit.

Vi har ingen eigne, lokale reglar i augneblinken, dei nasjonale reglane for smittevern gjeld og dei kan ein finne på www.helsenorge.no.

Skjenkestader blir fulgt opp med kontrollar.

Det er viktig at alle innbyggarar svarar oppringingar frå nummer dei ikkje kjenner no, det kan vere smittevernet som ringer deg med viktig informasjon.

Alle innbyggarar må no ha låg terskel for å teste seg for Covid-19 ved symptom eller bekymring, og test kan tingast på www.helsenorge.no/timeavtaler/. Personar som treng test i samband med reise og ikkje i samband med risiko for smitte bør ikkje belaste den kommunale testkapasiteten no, dei skal nytte private tilbod som gjerne fins på flyplassane.