Informasjon og status

Luster legekontor har vanleg kapasitet og er ope for vanleg drift. (NB! Stengt onsdag 31/3) Planlagde timar vert ikkje utsette og du kan tinge legetime som vanleg på 57685600. Dersom du ynskjer det kan du også tinge ein videokonsultasjon med legen i staden for å møte opp på legekontoret.

Trykk her for å bestille korona-test
Tenesta krev innlogging via Bank-ID. Dersom du ikkje har moglegheit til å bestille på nettet, ringer du på 906 72 675. (08.00-15.00)
Oppmøtestad er teststasjonen utanfor helsesenteret ved ambulanse-inngongen. Vi oppmodar alle til å kome i eigen bil.

Legevakt kan du ringe på 116117. Merk at legevakt er for akutt helsehjelp.

Søk informasjon på regjeringen.nowww.fhi.no og www.helsenorge.no
Du kan sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no eller ringe 906 72 675.

Status 12. april: Det er ikkje påvist smitte etter påske. Vi har ingen i isolasjon eller karantene.

Høyr siste korona-oppdatering med kommuneoverlege Schønberg i Radio Luster 09/4.

Kommunen føl dei nasjonale retningslinene for smittevern. Kommunale bygg er stengt for utleige til private. Lag og organisasjonar kan leige innanfor dei nasjonale smittevernreglane.

Det er krav om bruk av munnbind for alle pasientar som besøkjer helsesenteret. Drosjesjåfør og passasjerar må bruke munnbind. Dette munnbindkravet gjeld ut april mnd.

Me anbefaler framleis bruk av munnbind i andre situasjonar òg, der ein har vanskar med å holde minst 2 m avstand.

Tidlegare har Luster kommune til saman hatt 15 smittetilfelle.

Siste oppdateringar

12.04.21

Koronastatus

08.04.21

Lokal smittevurdering veke 14

23.03.21

Lokal smitterisikovurdering veke 12

19.03.21

Status 19. mars
Koronavaksine

17.03.21

Lokal smitterisikovurdering for Luster kommune veke 11

15.03.21
Nyhende: Krav om bruk av munnbind på helsesenteret og i drosjar

13.03.21
1 nytt smittetilfelle. Smittesporing i Luster er ferdig.

10.03.21

Lokal smittevurdering

05.03.21

Koronaorientering til kommunestyret 4. mars

04.03.21

Lokal smitterisikovurdering veke 9

03.03.2021

Nye smittevernråd for omsorgssentra våre

26.02.21
Da vi ser at det er eit aukande smittetrykk i landet anbefaler kommuneoverlegen at pårørande nyttar munnbind ved besøk på omsorgssentra.
Vaksinasjonsstatus
Luster kommune har ikkje fleire positive prøvar

24.02.21

Mutert koronavirus

23.02.21

Lokal smitterisikovurdering for Luster kommune veke 8

22.02.21

3 pasientar i isolasjon

21.02.21 
2 personar er stadfesta covid-19 positive

19.02.21

1 person stadfesta Covid-19 positiv

08.02.21

Lokale smitterisikovurderingar for Luster kommune (sjå avsnitt under).

05.02.21

Det er sett 228 vaksinar til saman. Lette biverknadar. Alle pasientar på omsorgssenter er vaksinerte, mange er fullvaksinerte. Vi vil i veke 7 ha fullvaksinert alle som bur på omsorgssenter. I veke 7 vil vi og ha sett vaksinar på heimebuande 85+, dei vil vere fullvaksinert i veke 10. Alle vil bli ringt til. Parallelt til vaksinasjon av eldre gjer vi vaksinering av helsepersonell. Det er få som ikkje ønsker å ta vaksine. Vi får tilsendt vaksinar kvar onsdag, talet varierer for kvar veke.

Luster kommune har pr. i dag ingen personar i isolasjon eller karantene. Det er 4 personar i innreisekarantene. Smitterisikonivå i kommunen er 1 som er det lågaste.

01.01.21

Luster kommune har per i dag ein person i isolasjon -  stadfesta covid-19 positiv.  Tre personar er i karantene og smittesporinga er ferdig.

29.01.21

Luster har i dag fått påvist eit nytt smittetilfelle. Vedkomande er i isolasjon og smittesporing er sett i verk. Nærkontaktar er i karantene.

25.01.21

Råd i samband med koronasmitte på Austlandet

Koronavaksine / Coronavirus vaccine

12.04.21

Det er sett 1163 vaksinar.  Av desse 141 AstraZeneca til helsepersonell, resten er Biontec/Pfizer. 684 personar er ferdig vaksinerte. Vi vil få 168 dosar 14/4 og 21/4. All vaksinering skjer nå i Idrettshallen på dagtid. Dei som skal få vaksinar vil få telefon om dette, nokre får SMS. Biontec/Pfizer skal nå revaksinerast etter 6 veker.

Vi har nå ferdigvaksinert alle i gruppene 85+. 19/5 vil alle i 75+ vere ferdigvaksinerte. Vi er i gong med vaksinering av 65+ samt høgrisikopasientar. Dei aller fleste vil venteleg ha fått tilbod om 1. dose i løpet av april. Vi veit ikkje tal dosar etter 21/4 pr i dag.

Vi har ikkje registrert alvorlege reaksjonar etter vaksinering.

19.03.21

Luster kommune vaksinerar kvar onsdag same dag vi får vaksinane. Vi får 54 dosar 24/3 og 108 dosar 31/3- halvparten er 2. dose. AstraZeneca er satt på vent til statlege myndigheiter har avklåra vidare bruk. Når vi har vaksinert ferdig 31/3 vil vi ha satt 968 vaksinedosar. Gjeld Pfizer: 342 er ferdigvaksinerte med 2 dosar, 168 har fått 1 dose. Det er satt 116 dosar med AstraZeneca. Det er ikkje registrerte alvorlege biverknadar ved vaksinasjon.

Vi reknar med å vere ferdig med gruppa 75+ i midten av april om vi har same vaksinetildeling som no.

26.02.21

Luster kommune har no sett 470 vaksinedosar.
Vi manglar 5 dosar på å dekke alle i aldersgruppa 85+. Alle pasientar på omsorgssentra våre er no fullvaksinerte.
I veke 9 vil vi få 54 dosar til 2. dose (Pfizer) og 100 dosar AstraZenica som går til helsepersonell.
I veke 10 vil vi få 114 dosar med Pfizer vaksine, 60 av desse går til 2. dose, 54 dosar går til resten av gruppa 85+ og så startar vi på gruppa 75+. Her har vi ca 400 innbyggjarar.
På grunn av små leveransar av vaksinar fortset vi med vaksinering på Helsestasjonen inntil vidare. Vi føl prioriteringsreglane som gjeld nasjonalt.

Pfizer vaksine (2 dosar med 21 dagar i mellom) skal brukast til dei over 65år og dei i aldersgruppa  18-64 år med alvorlege tilstandar. AstraZenica (2 dosar med 9-12 veker i mellom) skal brukast til dei andre.

05.02.21

Det er sett 228 vaksinar til saman. Lette biverknadar. Alle pasientar på omsorgssenter er vaksinerte, mange er fullvaksinerte. Vi vil i veke 7 ha fullvaksinert alle som bur på omsorgssenter. I veke 7 vil vi og ha sett vaksinar på heimebuande 85+, dei vil vere fullvaksinert i veke 10. Alle vil bli ringt til. Parallelt til vaksinasjon av eldre gjer vi vaksinering av helsepersonell. Det er få som ikkje ønsker å ta vaksine. Vi får tilsendt vaksinar kvar onsdag, talet varierer for kvar veke.

20.01.21
Luster kommune har i dag vaksinert 18 dosar med koronavaksine. Vi har til saman sett 66 dosar.

14.01.21
Luster kommune fekk 13.01.21 3 hetteglas som er 18 vaksinedosar. Dei ble brukt same dag. Ny liknande forsyning i neste veke. Vi har til no sett 48 dosar av vaksina.

07.01.21

Luster kommune vaksinerte 6/1-21 alle pasientar på sjukeheimen i Luster som ønska vaksine. Det er sett 24 vaksinar. Ingen komplikasjonar. Vi får ut 6 dosar pr. glas.

04.01.21

Koronavaksine: Ver venleg ikkje ring oss, me kontaktar deg

30.12.20  

Koronavaksine på 1-2-3 kort info frå FHI

23.12.20

Luster kommune vil få tilsendt 25 dosar med koronavaksinen Cormirnaty (BioNTech og Pfizer) i veke 1  2021. Vi startar vaksineringa på Luster omsorgssenter. Vi veit ikkje når tid vi får fleire vaksiner, men venteleg får vi nye forsyningar kvar veke.

 

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er ennå usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksinane og kan tilby dei til anbefalte grupper.

Kommunen planleggjar no gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli oppdatert på denne nettsida fortløpande.

Vi vil seinare informere om kva grupper som er anbefalt vaksinasjon og rekkefølgje mellom desse. Kommunen kontaktar deg dersom du er prioritert for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Det nye koronaviruset gjer infeksjon i luftvegane. De fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gjeve følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte fyrst:

Dette er prioriteringsrekkjefølja: 

1. Dei som bur i sjukeheim 

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år 

4. Alder 65-74 år 
OG personar mellom 18 og 64 år med desse sjukdommane/tilstandane:  

  • organtransplantasjon
  • immunsvikt
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år 
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift) 
  • nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som fører med seg nedsett hostekraft eller lungefunksjon 
  • kroniske nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

5. Alder 55-64 år med disse sjukdommane/tilstandane:  

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon 
  • Immundempande behandling ved autoimmune sjukdommar  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom (anna enn vel regulert astma) 
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI på ≥ 35 kg/m2 eller høgare)
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsjukdommar (med unnatak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom som ikkje er nemnt i lista over kan også gje auka risiko for alvorleg sjukdom og død av covid-19. Dette skal vurderast individuelt av lege.

6. Alder 45-54 år med dei same sjukdommar/tilstandar som er lista opp i pkt. 5 

7. Alder 18-44 år med de same sjukdommar/tilstandar som er lista opp i pkt. 5 

8. Alder 55-64 år 

9. Alder 45-54 år 

Du blir kontakta av kommunen for vaksinasjon når det er din tur. Føl med på kommunen si heimeside for detaljar. 

Omsorgsbustadar 

Personer som bur i omsorgsbustadar er ei samansett gruppe, så desse skal prioriterast i forhold til alder og eventuell underliggjande tilstand.  

Helsepersonell 

For helsepersonell er det tydeliggjort kva grupper som det kan vere aktuelt å prioritera mellom om smitten aukar. Det kan dreie seg om helsepersonell som sjølv har auka risiko for å bli smitta, og som må vere tilgjengelege dersom smitta aukar. Dette er ennå ikkje avgjort.   

***

https://www.fhi.no/en/id/vaccines/coronavirus-immunisation-programme/who-will-get-coronavirus-vaccine-first/

Coronavirus vaccine

Coronavirus vaccination will be part of the national immunisation programme, and the municipalities will offer its inhabitants the coronavirus vaccine. Norway will offer vaccines from several suppliers, but there is still uncertainty when Luster kommune will be able to provide the vaccine. You will find updated information on our website.

Luster kommune will later inform about target groups and their priority. We will contact you if you are in a target group to offer you coronavirus vaccine. It is not necessary to contact Luster kommune or your doctor to be put on a waiting list. 
The coronavirus vaccine and vaccination is free.

Initially, there will not be enough coronavirus vaccine available for everyone in the recommended groups, so it must be given first to those who need it most.

Order of priority: 

1. Residents in nursing homes 

2. Age 85 years and above

3. Age 75-84 years

4. Age 65-74 years AND people between 18 and 64 years with these diseases/conditions:  

  • organ transplant
  • immunodeficiency
  • hematologic (blood) cancer in the last 5 years
  • other active cancer, ongoing or recently finished treatment for cancer (especially immunosuppressive therapy, radiation therapy to the lungs or chemotherapy). 
  • neurological or muscular disease with impaired coughing strength or lung function 
  • chronic kidney disease and kidney failure

5. Age 55-64 years with these diseases/conditions:  

  • Chronic liver disease or significantly impaired liver function 
  • Immunosuppressive therapy, e.g. with autoimmune diseases
  • Diabetes  
  • Chronic lung disease (other than well-regulated asthma)
  • Obesity with body mass index (BMI of ≥ 35 kg/m2 or higher)
  • Dementia 
  • Chronic cardiovascular disease (except high blood pressure)
  • Stroke
  • Other serious and / or chronic diseases not mentioned in the list above may also increase the risk of serious illness and death from COVID-19. This should be assessed individually by a doctor.

6. Age 45-54 years with the same diseases/ conditions listed in point 5 

7. Age 18-44 years with the same diseases/ conditions listed in point 5 

8. Age 55-64 years

9. Age 45-54 years 

You will be contacted by your doctor or the municipality for vaccination when it is your turn. Check your municipality's website for details. The vaccine is free.

Care homes

People who live in care homes are a mixed group, so they are prioritised according to age and any underlying conditions.

Healthcare personnel

For healthcare personnel, it has been clarified which groups may be prioritised if transmission increases. These may be healthcare personnel who have an increased risk of becoming infected, and who for reasons of capacity must be available if transmission increases. This has not yet been decided.

Rådhuset

Rådhuset vert ope for publikum for kontakt m/servicetorget, sentralbordet og varelevering/mottak.
De kan ringe sentralbordet 57 68 55 00 eller sakshandsamar direkte, telefonliste.
Alle besøk skal helst vere avtalte på førehand.

Du kan sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no

Raskare koronasvar via Helsenorge.no og kjernejournal

Sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart.
Kommuneoverlegen melder at helsetenesta sender sms til dei som ikkje har bank-id for pålogging i helsenorge.no. Kommuneoverlegen ringer alle som har fått påvist positiv prøve.

Informasjon frå Folkehelseinstituttet om tenesta.

 

Omsorgssentra

03.03.21

 

Råda nedanfor gjeld vaksinerte bebuarar som 1-2 veker etter andre dose har oppnådd optimal beskyttelse. Også i sjukeheimar bør ein følje råda for kommunale omsorgsinstitusjoner:

  • ved besøk hjå nokon uvaksinerte bebuarar. Kva uvaksinerte bebuarar dette kan gjelde, er nærare beskrive i Råd til sjukeheim.
  • ved besøk hjå bebuarar med mistenkt, sannsynlig eller bekrefta covid-19
  • når personar med luftvegssymptom eller i karantene unntaksvis får kome på besøk

For å avgrense smitte i samband med besøk, bør tilsette få opplæring i smittevern og vere kjent med råda nedanfor. Tilsette bør informere bebuarar og pårørende om at det er betydelig mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon, men at covid-19 ikkje vil forhindrast i alle tilfelle då vaksina ikkje alltid gjer full beskyttelse.

Vurder å avklare besøk i førevegen om det er fare for at mange besøkande kjem samtidig, slik at det blir vanskeleg å overhalde råd om avstand.

Generelle smittevernråd ved besøk i sjukeheim

Ved ankomst til sjukeheimen

  • Tilsette i institusjonen bør avklare smittestatus for dei besøkande 
    • Pårørande eller andre som er sansyneleg eller bekrefta med covid-19, kan i henhald til covid-19-forskrifta ikkje kome på besøk i institusjonen.
    • Pårørande eller andre som har luftvegssymptom eller er i karantene, skal som hovudregel ikkje kome på besøk, men unntak kan i nokre tilfeller vurderast. For meir informasjon sjå Helsedirektoratets anbefalingar for vurdering av besøk. Ved unntak må ein følge smittevernråda i avsnittet «Råd når personar med luftvegssymptom eller i karantene unntaksvis får kome på besøk»
  • Institusjonen bør halde oversikt over besøkande, slik at smittesporing kan gjennomføras på ein effektiv måte om smitte vert oppdaga hjå bebuarar, besøkande eller tilsette. Det er frivillig for besøkande å oppgje personopplysninger for smittesporingsformål. Opplysningane kan ikkje lagrast lenger enn nødvendig. For smittesporingsføremål er det 10 dagar.
  • Besøkande må førebuast på gjeldande rutiner og smittevernråda føljast.
  • Det er viktig at alle besøkande utfører handhygiene ved ankomst, også ved besøk utandørs. 

Under besøk i sjukeheimen

  • Besøkande bør halde minst 1 meters avstand til den dei besøker, tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker. Vi anbefaler i tillegg at besøkende bruker munnbind. Unntak:
    • Vaksinerte bebuarar kan ha nærkontakt med eit avgrensa anntal uvaksinerte besøkande, og dei same over tid. Anntal besøkande bør ikkje vere fleire enn nasjonale, eventuelt kommunale, bestemmelsar tilseir. Bebuarane bør sjølv bestemme kven som er deira næraste.
    • Om både den besøkande og bebuaren er vaksinert, kan dei ha nærkontakt. Nærkontakt med vaksinerte besøkande, kjem i tillegg til dei uvaksinerte besøkande bebuaren sjølv har definert som sine næraste.
  • Besøk kan skje i fellesareal, men om det blir vanskeleg å overhalde gjeldande råd om avstand, bør besøket skje på bebuarens rom.
  • Nasjonale, eventuelt lokale, anbefalingar eller bestemmelsar for tal besøkande bør føljast. Om konkrete anbefalingar ikkje føreligg, bør tal besøkande ikkje vere høgare enn at anbefala avstand (minst 1 meter) og øvrige smittevernråd kan føljast.
  • Beboere kan ta imot gaver, blomster og lignende. Det er ikke behov for spesielle forholdsregler, men viktig å følge generelle råd for håndhygiene, da dette vil forebygge indirekte kontaktsmitte.
  • Om besøkande har med mat, bør alle utføre handhygiene før maten serverast og inntakast. Besøkande skal ikkje nytte kjøken i institusjonen.
  • Alle felles berøringspunkt i rommet der besøket føregår (f.eks. dørhandtak, armlene, brytarar, toalett), bør reingjerast eller desinfiserast fleire gonger dagleg.

Bebuarar på besøk utanfor sjukeheim

Bebuarar i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar har ingen juridiske restriksjonar med omsyn til besøk ut av institusjonen, med mindre det er fatta iet tvangsvedtak. Vaksinerte bebuarar som skal på besøk utanfor sjukeheimen, bør følje gjeldande forskrifter, samt nasjonale og lokale smittevernråd.

Tenester og besøk av eksterne aktørar i sjukeheim

For vaksinerte bebuarar i sjukeheim, bør det leggast til rette for tenester som er viktige for deira fysiske eller mentale helsetilstand. Tenestene eller tilboda må gjennomførast i tråd med gjeldande forskrifter, nasjonale smittevernråd, smittevernrutinar i institusjonen og rettlaiarar for tenesta.

Krava til tenesteytande personell står i covid-19-forskrifta.

For helsepersonell som utfører tenester i institusjonen (f.eks. fotterapeutar og fysioterapeutar) gjeld smittevernfaglege råd for helsepersonell med éin-til-éin kontakt, i tillegg til institusjonens eigne smittevernrutinar.

Frisørverksemd og lignande som ikkje er helseteneste må gjennomførast i tråd med smittevernråd for verksemder med éin-til-éin-kontakt.

For meir informasjon til hjelp i vurderingar rundt besøk av eksterne aktørar sjå rettleiar for besøk fra Helsedirektoratet.

Omsorgstenesta i Luster 19.1.21 

Omsorgssenter

Gruppe/avdeling

Telefonnummer

Luster omsorgssenter

Gruppe 1, 2, 3, 4

57682534 / 57682522

 

Heimetenesta/eldresenteret

57682513

Gaupne omsorgssenter

Gruppe 1 og eldresenter

57685703

 

Gruppe 2 og 3

57685710 / 57685717

 

Korttidsavdelinga (KA)

57685711 / 57685718

Hafslo omsorgssenter

Blå og rosa gruppe

57685815 / 57685816

 

Eldresenter

57685812

Grandmo

 

95047340

 

SFO og skule

12.11.20

SFO har vanleg opningstid. Både SFO og skulane forheld seg til nasjonale oppdaterte retningslinjer for smittevern; https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/

Kvar skule vil elles senda ut informasjon til føresette om dei ordningane som gjeld spesifikt for deira barn/skule.

 På skulen vil me vera spesielt opptekne av å:

• vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
• ha godt reinhald
• vaska utstyr jamleg, til dømes tastatur
• vera ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
• ha undervising og samlingar i mindre grupper
• halda god avstand til kvarandre
 

Følg dei generelle smittevernsråda

Det er viktig at me alle held fram med å følgja dei generelle råda om smittevernstiltak som gjeld alle: god hand- og hostehygiene, prøva å unngå å ta seg i andletet, avgrensa talet personar ein har kontakt med og får besøk av, til nokre få om om gongen, friske barn kan vera saman både ute og inne, men i små grupper. Smittepresset er lågt både i vår kommune og i vår region, og slik ønskjer me naturlegvis at det også skal halda fram.

Reglar for undervisning av eigne barn

Hovudregelen er at alle barn og unge som oppheld seg i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring. 

Regelverket gjer det mogleg for føresette å ta barna ut av skulen og undervise eigne barn heime. Det er foreldra som då har ansvaret for å gje barna opplæring, tilsvarende opplæringa i skulen. Dersom føresette vel heimeundervisning, er det viktig at dei er klar over at barnet ikkje lenger er ein del av den offentlege grunnskuleopplæringa, og at dei blir fråtekne ein del rettar etter opplæringslova. Blant anna har barn ikkje rett til spesialundervisning eller standpunktkarakterer.

Me vil understreka at det beste for barna er å gå på skulen, så lenge dei eller familien ikkje er i ei risikogruppe for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. For barn som ikkje er i risikogruppa, er det trygt å gå på skulen.

Dersom foreldra likevel vel å halda barna heime, kan de ikkje forventa at skulen lagar eigne opplegg for elevane. Føresette som vel ikkje å senda barna på skulen, må sjølv oppfylla opplæringsplikta.

Lenke til informasjonsskriv

Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (engelsk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (arabisk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (polsk)
Informasjon om skuleskyss – Vestland fylkeskommune opning 1.-4 trinn
Informasjon om skuleskyss - Vestland fylkeskommune opning 5.-10. trinn
Gjeld skuleskyssen frå 2. juni – Vestland fylkeskommuneRettleiar om smittevern barneskule - Utdanningsdirektoratet
Nasjonal koronarettleiar for skulane

Barnehagane

12.11.20

Barn som har måtte vere heime på grunn av langvarig sjukdom eller fordi dei har vore i risikosona kan søkje om fritak for foreldrebetalinga jf. vedtekter for barnehagane i Luster
§ 14 Fritak for betaling
Barn som lir av ein alvorleg sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytta plassen i barnehagen, kan innvilgast fritak for betaling i den perioden barnet er borte frå barnehagen. Det må liggja føre ein legeattest. Søknader for kortare periode enn ein månad vert ikkje handsama. Søknadar vert handsama av Oppvekst.

Det er trygt for barn å koma i barnehagen
Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har i samarbeid utarbeidd ei rettleiing for opning av barnehagane i Noreg. Den nasjonale rettleiinga er tydeleg på korleis barnehagane kan førebyggja smitte.

I barnehagen vil me vera særskild opptekne av å:

  • vaska hender og og følgja opp barna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaska leiker jamnleg
  • vera ekstra mykje ute med barna i tida frametter
  • ha mindre grupper av barn som er saman med fast tilsette

Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra
Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje møta i barnehagen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har vorte symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgja eller henta barn i barnehagen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje møta i barnehagen. Dersom barnet ditt vert dårleg i barnehagen, må de henta barnet så fort det let seg gjera.
 

Nyttige lenker om opning av barnehagane

Rettleiing om smittevern i barnehagen (Folkehelseinstituttet og Udir)

 

Spørsmål og svar om rettleiaren for smittevern i barnehagen (regjeringen.no)


Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - engelsk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – arabisk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - somali

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – polsk

Regjeringa har lagt fram Korona-rettleiar om smitteverntiltak når barnehagane opnar att.

Meir om barnehage ligg under "Skule, SFO og barnehage"

Fysioterapitilbodet

10.02.21

Fysioterapitenesta har vanleg drift med smitteverntiltak. Dette gjeld både i kommunalt og privat praksis (gjeld Friskhuset og Hafslo fysioterapi).

Me følgjer krav om smittevern frå folkehelseinstituttet, og både pasient og terapeut må vera heilt friske for å møta opp.

Ber om at du som har time møter presis for å unngå unødig samling av folk i venteromma. Fint om du ringer, sender sms eller e-post for å kontakta oss for time eller spørsmål i staden for å møta opp i lokala. Me kan også tilby videokonsultasjonar ved behov.

For kontaktinformasjon sjå her

Korleis førebyggje smitte? Hygieneråd

Alle som oppheld seg i Luster kommune skal ivareta god og forsvarleg hand-, hoste- og nysehygiene. Handhelsing, klemming og anna nærkontakt skal avgrensast. Alle føresette og vaksne med ansvar for andre bør jamleg rettleie om personlege hygienetiltak.  

Hygieneråd

Til deg som er avlastar, støttekontakt, treningskontakt

  • Når det gjeld desse tenestene må både tenestemottakar og tenesteytar vere symptomfrie for at du kan utføre oppdraget.
  • De vert oppfordra til å syne omsyn i høve å halde avstand, dvs. ikkje køyre i bil saman med tenestemottakar.
  • I første omgang bør de legge til rette for uteaktivitet. Om ikkje dette let seg gjere, må de syne varsemd og halde ei viss avstand, jf. generelle reglar.
  • De må avtale nærare med brukar/føresette.  
  • Dersom du har vore på reise til/opphalde deg i kommunar med høgt smittetrykk, bør du bruke munnbind i kontakt med tenestemottakar dei første dagane. Du treng ikkje nytta munnbind utandørs. Du held då avstand, helst 2 meter.
  • Er du som oppdragsytar i tvil om du skal vere saman med tenestemottakar, ta kontakt med konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne, Aud Jorunn Høyheim på 57685715/46892617 som er å treffe på måndag – fredag mellom kl. 08.00 – 15.00.

Syner forøvrig til generelle hygieneråd for Luster kommune.

Lokale hjelpetiltak frå frivillige

Luster kommune er i tett dialog med Luster Røde Kors og Frivilligsentralen og me opplever det som trygt at me har mykje frivillige ressursar i lokalsamfunnet vårt når me treng det.

Ringevenn

Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte. Dei kunne hatt glede av ein ringevenn. Ein ringevenn ringer til ein person som er åleine eit par gonger i veka for å prate litt.

Telefonvenn.
Å få ein telefonvenn kan bety mykje for ein som er isolert og bur åleine.
Me søker frivillige som ynskjer å vere ein telefonvenn. Den frivillige må vere fylt 18 år.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Vil du ha ringevenn eller ynskjer å bli ringevenn så kontakt oss.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.

Utkøyring av matvarer

Trenger du hjelp til å få køyrt matvarer heim til deg? Frivillige hjelper til med å hente bestilte matvarer på butikken og bringer dei heim til deg. Grunna korona viruset vil matvarene bli satt utanfor inngangsdøra di. Ring Luster Frivilligsentral tlf. 45665954 for nærare avtale.
Aldersgruppe: For alle
Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte.
Andre har mista moglegheita for å ta serviceskyssen då dette tilbodet er innstilt inntil vidare.
Dette kan skape utfordringar med tanke på handling av matvarer.                               
Me har frivillige som kan hjelpe med å hente bestilte matvarer på butikken og bringe dei heim til deg.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.