Eldrerådet og rådet for funksjonshemma har i møte fått presentert rådmannen sitt framlegg, og vil gje sin uttale i møte tysdag 7. februar.
Samandrag av saka:
I tråd med kommunen sin helse- og omsorgsplan og samhandlingsreforma sine forventningar til kommunane om behandling lokalt, mottak av utskrivingsklare pasientar frå dag 1 - og tilbod om augeblikkleg hjelp (ØH-tilbod) - tilrår rådmannen at det vert etablert ei korttidsavdeling ved Gaupne omsorgssenter. Korttidsavdelinga vert i fyrste omgang etablert med 8 plassar, men det vert ved utbygging av 4 nye rom lagt til rette for inntil 12 plassar, der nokre av desse på sikt vert sett av til ØH-tilbod. For å kome raskt i gang med detaljutforming av det nye tenestetilbodet og den nye eininga, vert det så snart som mogleg tilsett lege og avdelingsleiar.
Det må arbeidast vidare med detaljar i høve ressursar, kompetanse, utstyr, bemanning og driftsopplegg for den nye avdelinga. Målsetjing er at avdelinga skal vere bemanna innan 31. mai i år, eller snarast mogleg etter dette. Overgangen til korttidsavdeling må skje gradvis ved at det som hovudregel ikkje vert tildelt langtidsopphald i denne gruppa.
Med grunnlag i nye folketalsframskrivingar og erfaringar, tilrår rådmannen at kommunen skal gå ned frå dagens 64 til 60 langtidsplassar, men ikkje til 56 slik det er lagt opp til i helse- og omsorgsplanen. Dette vert løyst ved at to av gruppene med 8 langtidsplassar ved Gaupne omsorgssenter vert utvida med to rom, og at ein etablerer to grupper med 10 bebuarar i kvar.
Det vert med grunnlag i dette ei samla utviding med 8 rom ved Gaupne omsorgssenter, og Luster kommune får dermed ein samla romkapasitet på 97 rom fordelt slik på dei tre omsorgssentra: Hafslo: 24 rom, Luster 33 rom, Gaupne 40 rom. Korleis romma vert brukt er i stor grad eit spørsmål om behov og bemanning. Inndelinga og bruken det no vert lagt opp til med 60 langtidsplassar, 12 korttidsplassar/ØH-tilbod og 25 omsorgsplassar, samsvarar etter rådmannen si vurdering godt med kommunen sin helse- og omsorgsplan, samhandlings-reforma og forventa behov.
Utbygginga av Gaupne omsorgssenter med 8 rom skal prioriterast, og målsetjinga er at utvidinga av dagens gruppe 2 og 3 – kvar med to rom – skal vere ferdig sommar/haust 2013, medan utviding av dagens gruppe 4 med 4 rom, skal vere ferdig våren 2014.
Heile rådmannen si saksutgreiing.
Vedlegg i saka, med teikningar og situasjonsplan.
Alle sakene som skal føre i formannskapet sitt møte den 8. februar.