Når du har sett igjennom punkta under kan du sende inn søknaden til kommunen. Viss du har spørsmål kan du ta kontakt med oss eller komme innom. Du kan også bestille ein førehandskonferanse. Det gjer du ved å sende e-post til postmottak@luster.kommune.no

  1. Plangrunnlag: Får å få vite kva du kan gjere på eigedomen din, må du sjekke plangrunnlaget. Det finn du i kartløysinga vår. Kontakt kommunen viss du ikkje finn reguleringsplanen som gjeld for din eigedom. 
  1. Kart: Du må legge ved kart over eigedomen din med byggetiltaket teikna inn. Du kan hente det sjølv via kartløysinga vår eller ved å kontakte oss. Du må teikne på avstand til andre bygningar, nabogrense og veg. Du treng ikkje kartutsnitt viss du skal gjere innvendig arbeid.
  1. Teikningar: Teikningane skal helst vere i målestokk 1:100 og vere fagmessig utført. Vi skal ha plan-, snitt-, og fasadeteikningar. Alle aktuelle fasadar må visast. Viss du søkjer om fasadeendring, bør du sende med eksisterande situasjon. Då blir det lettare for oss å sjå kva som er endra. Du kan bruke bilete viss du ikkje har teikningar av eksisterande fasadar.
  1. Dispensasjon: Viss det du skal bygge krev dispensasjon frå plan- og bygningslova, (f.eks. avstand til veg, byggegrense i reguleringsplan, arealføremål i reguleringsplan og liknande) må du sende med eigen søknad saman med byggesøknaden. Viss du treng dispensasjon blir sakshandsamingstida opp til 12 veker.
  1. Nabosamtykke: Viss du skal sette opp eit nybygg eller tilbygg nærmare nabogrense enn 4 meter må du ha skriftleg samtykke frå nabo eller søke om dispensasjon frå plan- og bygningslova. Bygg inntil 50 m2 kan plasserast inntil 1 meter frå nabogrense med mindre reguleringsplanen seier noko anna.
  1. Nabovarsling: Alle naboar og motbuarar som kan bli berørt av tiltaket skal ha nabovarsel. Det er du som vurderer kven som skal varslast, men kommunen kan krevje ytterlegare varslar. Nabovarslingsblankettar finst på Direktoratet for Byggkvalitet sine sidar. Nabovarsel (blankett 5154) kan du enten levere personleg, sende rekommandert, eller med e-post. Hugs å få naboen sin signatur eller posten sin kvittering på blankett 5156. Dersom du varslar på e-post må naboen svare at varselet er motteke og du må legge ved svaret frå naboen. Blankett 5156 og blankett 5155 skal ligge ved søknaden til kommunen.
  1. Tilknyting til infrastruktur:  Eventuell vassforsyning eller bortleding av avløpsvatn, og tilkomst må vere sikra  og dokumentert ved innsending av søknaden din.
  1. Søknadsskjema: Du må gje opp relevante opplysningar i skjema. Byggesaksskjema finn du  på sidene til Direktoratet for byggkvalitet.