Lanserer ny helseportal


Onsdag lanserte helse- og omsorgsministeren den nye helseportalen helsenorge.no. – E-helse er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Gjennom Helsenorge.no nyttast ny teknologi til å gje folk betre hjelp og betre helsetenester, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Helsenorge.no vil innehalde vegvisarar til helse og sunnheit, helserelaterte rettar og helsetenesta og informasjon om sjukdom og behandling.
– Folk ventar å møte helse- og omsorgstenestene på ein moderne og effektiv måte.  Dei fleste er interesserte i og opptekne av eiga helse. No får dei denne informasjonen samla på ein nettstad, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Helsenorge.no skal informere om hva som bidreg til helse, som for eksempel kosthald og fysisk aktivitet – og ta opp tema som for eksempel graviditet og psykisk helse. Nettstaden har også ein oversikt over dei ulike helsetenestene.
– Samtidig skal helsenorge.no fortelja pasientar og brukarar kva rettar dei har, seier Strøm-Erichsen.
Helse- og omsorgsministeren understrekar at ikkje alt er på plass frå dag éin. Dagens lansering av helsenorge.no er berre startskotet, og portalen skal gradvis byggast ut med fleire tenester. Eit viktig mål er også å styrke brukermedverknad i helsetenesta.
– Sjølvbeteningstenester blir eit viktig satsningsområde fremover, og eg håpar vi kan lansere tenesta ”mine eigenandeler” og ”mine reseptar” på nettsida i løpet av året eller tidlegare. Det er mange spennende muligheiter.
Helsenorge.no er ein del av arbeidet med å styrke IKT-satsingen i helse- og omsorgstenestene. Helse- og omsorgsdepartementet skal lage ei stortingsmelding om helsetenester i ein digital kvardag.
– Helsetenesten må i større grad enn i dag involvere brukarar og pasientar. Eg meiner at pasienten må setjast i stand til å vere ein aktiv deltakar i spørsmål rundt si eiga helse. Det betyr blant anna at vi må satse sterkt på digitale tenester, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Legekontoret:
Adresse:
Postboks 104, 6866 Gaupne
Tlf:                    57 68 56 00
Alarmtlf:           57 68 15 55
Fax:                  57 68 56 01
Epost
Opningstid:     07.45 - 15.15
Ekspedisjon/
Tlf. tid:              08.00 - 14.30
Tlf.tid legar:     08.00 - 13.00  

Luster legekontor

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS