Rettleiing - Korleis søke på ledig stilling

For å søke på ledige stillingar må du nytte vårt elektroniske søknadsskjema.

NB!
Dersom du skal søke på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.

Utdanning og praksis må vere fullstendig utfylt for at søknaden skal verta handsama. Dette gjeld også for fast tilsette i Luster kommune som søkjer på interne stillingar.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
e-postadresse i søknaden.

Personvern:
Vi gjer oppmerksam på at dei opplysningane du registrerar inn på den elektroniske søknaden vil bli liggande i vår database, slik at disse kan nyttast ved seinare anledningar.
Som søker kan du be om at vi slettar din brukar. Dette medfører at om du seinare skal søkje stilling hjå Luster kommune må du leggje inn dine data på nytt.


I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør den nye offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontaktinformasjon

Legekontoret:
Adresse:
Postboks 104, 6866 Gaupne
Tlf:                    57 68 56 00
Alarmtlf:           57 68 15 55
Fax:                  57 68 56 01
Epost
Opningstid:     07.45 - 15.15
Ekspedisjon/
Tlf. tid:              08.00 - 14.30
Opningstid laboratorium:
Blodprøvetaking 08.30 – 13.30

Luster legekontor

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) slik at vi kan yte deg bedre service. Informasjonskapslene blir hovedsakelig benyttet for trafikkmåling og optimalisering av tjenesten. Du kan også lese mer om vår bruk av informasjonskapsler.
Lukk