Ingeniør - Bygg og eigedom:
Leiing av utgreiings- og utbyggingsoppgåver for bygg og anlegg i kommunen.
Forvaltningsoppgåver kopla til kommunal eigedom og kommunale anlegg.
Oppfølging av tekniske anlegg, SD anlegg mv.
Controlleroppgåver.

Ingeniør - Vatn og avløp:
Sentrale arbeidsoppgåver: planlegging / prosjektering / bygge- og prosjektleiing for VA-tiltak, oppgradering og utvikling av overvakingssystem og driftsopplegg, rapportering og ajourhald av IK-dokumentasjon VA, administrative oppgåver innan VA-område, analyse og utgreiingsarbeid m.v.

Kommunal VA - leidningsnett er omfattande og spreidd, og har mange og relativt små vass- og avlaupsanlegg. Planar og div. dokumentasjon er godt oppdatert.

Det operative nivået rår over 3 røyrleggarstillingar og arbeidsoppgåver må gjennomførast i godt samvirke med desse og driftseininga teknisk drift.

Kvalifikasjonar
- Teknisk utdanning, gjerne høgskuleingeniør
- Relevant praksis frå offentleg eller privat sektor.
- Personlege eigenskapar som evne til å samarbeide samt å arbeide sjølvstendig vil verta vektlagt.

 

Les meir og søk på stillingane her