Legekontoret:
Adresse:
Postboks 104, 6866 Gaupne
Tlf: 57 68 56 00
Alarmtlf: 57 68 15 55
Fax: 57 68 56 01
Epost
Opningstid: 07.45 - 15.15
Ekspedisjon/
Tlf. tid: 08.00 - 14.30
Tlf.tid legar: 08.00 - 13.00
Luster legekontor
Legevakt
Legevakta når ein ved å ta kontakt på legevaktnummeret 57681555 heile døgnet, eller 113 ved store ulykker eller svært alvorleg akutt sjukdom. Ved all annan kontakt med legekontoret må ein ringe 57685600.
Legevakt: 57 68 15 55
I arbeidstida svarar legekontoret. Helsesenteret har telefon og ekspedisjonstid: kl. 08.00 - 14.30.
Ein av legane har ansvaret for øyeblikkeleg hjelp på dagtid.
Telefonen blir ekspedert av legevaktsentralen utanom vanleg arbeidstid. Vakthavande lege blir kontakta gjennom dei.
AMK: 113
Einskilde ting kan/skal ikkje gjerast på legevakt:
- Fornye reseptar
- Fornye sjukmeldingar
- Skrive legeattestar
- Rutinekontrollar
- Skrive reseptar på vanedannande medisin
Legevakta er beredskapsvakt. Legane som deltek i vakta utanom normalarbeidstida, har ei vanleg arbeidsveke i tillegge til legevakta. Derfor vil prioriteringane om natta (ca 23.00 til 08.00) vera langt strengare enn ellers på døgnet. Såleis kan du ved henvendelsar på kveld/natt, avhengig av kva problemet er, bli bedt om å oppsøke eigen lege på dagtid. Då legevakta er ei beredskapsvakt, er det heilt nødvendig at det blir oppretta kapasitet til å yte hjelp når det verkeleg står om liv.
"Øyeblikkeleg hjelp" er eit medisinsk omgrep, som tyder at det er nødvendig å gje medisinsk hjelp snarast mogeleg. Dette tyder ikkje at ein får hjelp umiddelbart for vanlege problem/sjukdomar.
