A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Osland_Kyss ein bokstav_150x214

Boktimen får merksemd utanbygds, og skulen har trekt vinnarar av Juleles

Leselyst i skule og barnehage

Å vere glad i å lese er ein hjørnestein for ungar vidare i livet, og er difor noko me i skule og barnehage jobbar mykje med. I barnehagen set me fokus på leselyst og høgtlesing m.a. gjennom bibliotek med utlån i garderoben, og med "Boka mi" kvar veke. Skulen hadde no i jula ein kampanje for å lese eller bli lesen for kvar dag ("Juleles"), og i dag trakk me ut nokre av deltakarane som fekk velje nye bøker til klassebiblioteka sine. 

"Juleles":

Først trakk me frå kvar klasse mellom dei som hadde lese eller blitt lesne for kvar dag eller nesten kvar dag. I 6.-7.klasse vart Rasmus trekt ut, i 4.-5.klasse var Aslak trekt ut, og 1.-3. klasse vart Thekla trekt ut. I tillegg får Jonas òg velje ei bok til klassebiblioteket fordi han var den einaste eleven som både hadde lese sjølv og blitt lesen for kvar einaste dag gjennom ferien. Til slutt trakk me blant alle som hadde levert lapp (uansett kor mange kryss dei hadde) ein av elevane som vann ei bok til odel og eige. Det vart Håkon som vann denne boka: "Kyss ein bokstav" av Erna Osland.

"Boka mi":

"Boka mi" er eitt av tiltaka me valde i haust for å jobbe med språkutvikling i barnehagen - ein variant av ein idé Gunn Jorunn hadde med frå Gaupne barnehage. No har me hatt "Boka mi" kvar torsdag sidan starten av november, og hittil har alle 5-åringane og halvparten av 3-åringane hatt med ei bok heimefrå som har blitt presentert i samlingsstund i barnehagen. Den som skal ha med bok, får med ein eigen "Boka mi"-tøypose, og det er veldig stas å vere den som har med bok. Samlingsstunda startar med ein samtale der den som har med boka fortel litt om kva ho handlar om, før den vaksne les boka høgt for alle. Anne Kristin har på oppfordring fortalt om denne metoden både på fagnettverk for barnehagane i Sogn og på fagnettverk for norsklærarane i Luster, og det har vore stor entusiasme for idéen.

For å skape leseglede, må lesing og bøker få positiv merksemd i kvardagen frå oss vaksne - det er som rollemodellar me lærer ungane at det er bra og viktig å lese bøker!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS