Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Luster heimeteneste

Tenestestad

Luster heimeteneste

Adresse

Øyagata 14 (omsorgsbustader har adr. Øyagata 8)

Postnr/stad

6868 Gaupne

Telefon

57685713 / 91807550

E-post

Informasjon

Einingsleiar for Luster heimeteneste har ansvar for 4 team og tenestekontor. Kvart team har ein teamleiar. Einingsleiar og tenestekontor er etablert ved Gaupne omsorgssenter.
Tenestekontoret skal sakshandsame alle tenester som vert tildelt gjennom formelle skriflege vedtak innan heile tenesteområdet helse og omsorg.
Det er i dag omsorgsbustadar og omsorgsplassar ved alle 3 omsorgssentera i kommunen (Hafslo, Gaupne og Luster).


Målgruppa er eldre og/eller funksjonshemma og/eller sjuke som ikkje klarar seg på eiga hand.
I heimetenesta jobbar det sjukepleiarar, hjelpepleiarar, heimehjeparar, omsorgsarbeidarar, vernepleiarar og assistentar.
Heimetenesta i Luster har døgnteneste både på kvardagar og i helgar.


Målet for eininga er å bidra til at den enkelte skal kunna leve og bu sjølvstendig, samt ha ei aktiv og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Vi vil ha fokus på individuell tilpassa hjelp i samarbeid med brukar.

 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut