Luster kommune har sidan 1985 delt ut Kulturpris.

Bakgrunnen for den kommunale kulturprisen har vore, og er framleis, å gje betre vilkår for kulturarbeidarar i kommunen. Men og for å vera til  inspirasjon for alle som driv aktivt kulturarbeid. Kulturprisen skal særleg vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid. Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. 

Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng. Kulturprisen vil bli delt ut kvart år, så sant det finst høvelege kandidatar. 

I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:

Interessa for song og musikk vart aukande etter kvart som denne kroppen voks til. Men alvor vart det liksom ikkje før med fagleg oppfølging og instruksjonar frå den første læremeistaren på gitar og song i kulturskulen. Det vart etter kvart også sceneframføringar - sjølv om «bandet» ikkje hadde noko namn. Elev i kulturskulen var han allereie som 11 åring, og det forholdet skulle vare i 14 år.

Den opplæringa og undervisninga som vart gitt i kulturskulen har vore avgjerande for den utviklinga som kandidaten vår har vore i gjennom. Ei særleg stor rolle spela distriktsmusikaren Bjørn Gisle Seter, frå kandidaten vår var 15 år gammal og i heile 8 år framover.

I denne perioden fekk kandidaten også viktig erfaring og korreksjonar gjennom samarbeidet i ungdomskoret Røyst, leia av den same Seter.  

Men det er gjennom øving og samspel med andre gode musikk-krefter at dei mest talentfulle føler at det «går framover», og her har kandidaten mange å takke for godt samarbeid og inspirasjon. Særleg vil Leon Lunde, Inge Ronny Kvåle og Bjørn Tore Årøy stå fram som gode eksempel på dette samspelet.

Kulturpriskandidaten har medverka som solist på mange ulike arrangement. Frå 2011 der kandidaten deltok i MGP lokal (melodi Grand Prix) og kom på 2. plass i Sogn og Fjordane sin finale i Florø, og på Sogndal kulturhus sin 20-års jubileums-konsert. Dei siste åra har han mellom anna medverka som solist saman med symfoniorkesteret Ung Symfoni på deira julekonsert-produksjon i 2012, og i fleire år vore ein av songarane i julekonsert-produksjonen «Desembernatt», saman med profilerte artistar som Tone Damli Aaberge, Olav Stedje og Sigrid Moldestad.

Det å stille opp på arrangement og å få opptre for eit interessert publikum har alltid vore «draumen» med karrieren. I desse dagar gjennomfører kandidaten heile 14 julekonsertar rundt om i heile fylket. Her og varierer samarbeidet musikalsk frå artist-samarbeidet Julesong til Indre Hafslo Spelemannslag.

Studioarbeid har det også vorte i 2018, med ein CD produsert  med gruppa «Folk Flest» og ein påfylgjande turne.

Den musikksjangeren kandidaten vår likar best å opptre med ligg i gata «klassisk» -  ein song-sjanger i den forstand at kjende balladar også etter ei tid vert klassiske…

Kandidaten vår har over tid vorte spådd ei karriere langt utover den lokale marknaden. Men som han sjølv ved fleire høve og i intervju har lagt vekt på så er dette først og fremst ein kjær hobby som har gitt mange gode opplevingar. Og for å bruka kandidaten sine eigne ord… «så er den beste opplevinga å ha eit publikum som likar det som blir servert …». Planen på kort sikt er i alle høve å få fortsetja arbeidet og hobbien som i dag.

Kandidaten vår fekk også Draumestipendet i 2014 - eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga er eitt av måla å synleggjere kommunen sitt arbeid for barn og unge, og at stipendet vert ein  inspirasjon og eit bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar. Til dette hadde kandidaten vår fylgjande kommentar: Min draum med songen er alltid å bli betre.

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot  til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Og det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til deg

Einar Bolstad.

- Du er herved invitert til å koma fram for å ta i mot eit synleg bevis på kulturprisen som er eit diplom, og ein gåvesjekk på 15.000 kroner.