1: Dale, Luster - sentrumsområdet
Omregulering/Detaljregulering. Plan ID 1426-2011006. Vedteken i møte 14.06.2017, sak 23/17

2: Gaupne brannstasjon
Omregulering/Detaljregulering. Plan ID 1426-2017001. Vedteken i møte 14.06.2017, sak 24/17.

Dei vedtekne reguleringsplanane er lagde ut på servicetorget i Rådhuset og på biblioteket i Gaupne. Planane kan også sjåast på Luster kommune si heimeside på internett.

For vedtak om reguleringsplanar gjeld:

Vedtak om eigengodkjenning  av reguleringsplan kan påklagast av alle med rettsleg klageinteresse i saka, jf. reglane i §12-12 og §1-9 i plan- og bygningslova, og kap. IV i forvaltningslova. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, innan 3 veker frå offentleg kunngjering. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området.


Eventuelle krav om eller innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.