Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster” er ei årleg  tilskiping på Lustramarknaden. I år 2015 er det 25. gongen denne utmerkinga vert delt ut. Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.

I statuttane for tildelinga står det mellom anna:

«Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking. Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»

Ordførar Ivar Kvalen delte ut prisen til banksjef Oddstein Haugen.

Kvifor har så Luster Sparebank fått denne utmerkinga:

Hafslo Sparebank vart skipa i 1848, i 1865 vart Luster Sparebank skipa og i 1895 Jostedal sparebank. Desse sjølvstendige bankane utvikla seg på noko ulikt vis, men i 1975 gjekk dei tre bankane saman i Luster Sparebank.

I dag har Luster Sparebank hovudkontor i Gaupne med ein filial på Hafslo.

Mykje godt kan seiast om soga til banken, og det banken har betydd for utviklinga i lustrasamfunnet. Det er og mykje godt å seie om banken i dag:

Det arbeider no 26 personar i banken, talet tilsette er relativt stabilt.

Banken har ein veksande kundemasse, og har faktisk så langt i år fått mange nye kundar. Det er ikkje verst.

Luster Sparebank har sjølvsagt svært høg marknadsdel i Luster, men banken har også mange personkundar og næringslivskundar utanfor Luster.

75% av utlånet frå Luster Sparebank er til privatmarknaden, 25% er til næringslivet.

Banken hadde 8% vekst i utlån i 2014 og resultatet var rekordhøgt, 39 millionar kroner før skatt. Eigenkapitalen i banken er no 347 mill kr.

Å vere liten sjølvstendig bank er krevjande. Det offentlege som td finanstilsynet har om lag same krav til dokumentasjon til Luster sparebank som til ein storbank. Luster sparebank må òg ha alle nødvendige dataløysingar oppe å gå til ei kvar tid. Likevel, Luster sparebank greier det.

Dei siste åra har og Luster sparebank vorte medeigar i forsikringsselskapet Frende. Dette er ein aktivitet som har vore lønsam for Luster sparebank.

Næringsutvalet seier fylgjande i grunngjevinga si:

Luster sparebank er ei verksemd som driv godt økonomisk. Banken er ein viktig utviklingsaktør i lustrasamfunnet.

Luster Sparebank har dei siste åra tilsett mange unge folk med høg kompetanse. Det er viktig for dei nyutdanna som får jobb, men og for banken som får kompetanse.

Luster sparebank er ei verksemd som tek stort samfunnsansvar. Dei er med og sponsar lag og organisasjonar på mange område, i 2014 nytta banken over 4 mill kr til sponsing.

Til lukke med prisen som årets bedrift 2015.