Det er strenge og omfattande bransjespesifikke krav som ligg til grunn for godkjenninga. Mellom anna har Luster Sparebank gjort ulike grep for å redusera bossmengda og spara straum, dei har gått gjennom innkjøpsordningane sine og betra arbeidsmiljøet for dei tilsette.  - Det vart litt reaksjonar då me kutta ut pappkrusa, smilte banksjef Oddstein Haugen, då han mottok diplom frå ordførar Torodd Urnes tysdag føremiddag, saman med tilsette og kundar i banken. Vidare kunne han fortelja at Luster Sparebank har bestemt seg for å spandera kurs på alle tilsette hjå ein trafikkskule, der dei kan læra økonomisk og miljøvenleg køyrestil.

Miljøfyrtårn er eit norsk offentleg sertifikat som syner at verksemda har høg standard på å driva miljøvenleg, og solid fokus på arbeidsmiljø. Sertifiseringa inneber at verksemda har miljømål som er konkrete, målbare og lønsame på fleire nivå.

I prosessen fram til sertifisering jobbar verksemda saman med ein konsulent frå kommunen, i Luster kommune samarbeider me om dette med Sogndal. Lokale verksemder som ynskjer å verta miljøfyrtårn, får dekka kostnadene ved sertifiseringa av Luster kommune, som eit ledd i kommunen sitt miljøarbeid.