Lustringane sine svar på innbyggjarundersøkinga
I november-desember 2011 fekk alle husstandar i kommunen tilsendt spørjeskjema med spørsmål om kommunale tenester, servicetilbod i kommunen og korleis det er å bu i kommunen. Det var også høve til å gje kommentarar på kva kommunen har lukkast og mislukkast med dei siste to åra.
Undersøkinga er gjort etter eit standard skjema utarbeida av BedreKommune.no. Ved å bruke dette, kan me samanlikne oss med dei andre kommunane som gjennomfører undersøkinga.
I 2011 var det 16 kommunar som gjennomførte undersøkinga. Gjennomsnitt storleik på kommunane var vèl 9000 innbyggjarar.
Det kom inn 678 svar som utgjer 36%.
Samanlikna med dei andre kommunane som har delteke i undersøkinga er det relativt bra svarprosent.
Resultatet frå innbyggjarundersøkinga.
Rådmannen sin presentasjon av undersøkinga til kommunestyret
Takk til alle som deltok i undersøkinga.
