Lyden av Luster

Elevane i 5.-7.klasse er no ferdige med dialektprosjektet dei har jobba med i norsk og samfunnsfag dei siste vekene. Dette prosjektet, som blir kalla "Lyden av Luster", har vore eit felles prosjekt for alle mellomtrinnselevane ved oppvekstsentra i kommunen, og 7.klassane på Hafslo og i Gaupne. I tillegg til det arbeidet som er gjort på kvar enkelt skule, har alle klassane sendt inn 5 forslag til det finaste/beste dialektordet frå Lustramålet. Desse orda er lagde ut på heimesida til kommunen til avstemming. Dei som ikkje alt har gjort det, kan klikka på linken her; https://docs.google.com/forms/d/1eSoa0xtWCHYtDtWBhTLuszzyIWEbnk6yDeO2PdIupBk/viewform?c=0&w=1 og stemma på sitt favorittord før helga startar.

2015-11-19 Nils Einar Søhoel
Tips ein ven  Skriv ut