Luster mållag deler for tiande gong ut Målprisen.

Prisen skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar med tilknyting til Luster

  • som nyttar nynorsk på eit felt der målet i utgangspunktet ikkje står så sterkt
  • som syner nynorsken fram til særleg utsette eller viktige grupper, til dømes ungdom og ungar
  • som òg brukar nynorsk i møte med bokmålsbrukarar, i eller utanfor lokalsamfunnet
  • som syner særleg interesse for målodling og god nynorsk

Jury for prisen er styret i Luster mållag.  Luster er ein av dei sterkaste nynorskkommunane i landet, og det er i seg sjølv ingen sensasjon at friviljuge lag og organisasjonar her brukar nynorsk. Men det er spesielt at ein friviljug organisasjon gjennom så lang tid utmerkjer seg med å bruka så god nynorsk, og ein skal nok leita lenge for å finna ein friluftsorganisasjon i Noreg som kan måla seg med Luster Turlag på dette feltet.

Turlaget har ein omfattande aktivitet, og det gjer at det må skrivast mykje. I informasjonstilfang med kort levetid kan ein bli freista til å ta lett på språket, men det gjer ikkje turlaget. I tillegg har Luster Turlag gjeve ut fleire store bøker gjennom åra, alle med mange forfattarar, noko som gjer språkarbeidet krevjande. Men også her har språket vore eksemplarisk. Me vil òg framheva at turlaget har ein omfattande kulturhistorisk aktivitet attåt turane. Det største laget har gjort er gjenoppbygginga av Fuglesteg, men også dei mange kulturarrangementa gjer turlaget til ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i Luster.

Det er mange i Luster Turlag som har lagt ned mykje godt arbeid for nynorsken, og difor går prisen til laget. Det er likevel ingen tvil om at leiaren gjennom dei fleste åra sidan laget vart skipa skal ha hovudæra. Framfor nokon er det Stein Bugge Næss som har gjort Luster Turlag til eit lysande nynorskføredøme for andre friviljuge organisasjonar i Luster, Sogn og Noreg.

 Prisen er eit foto frå fjellheimen vår med Hurrungane i bakgrunnen, teke av Frank Smedegård.
 
 Til lukke med Målprisen 2013! avslutta Hoel. 

Leiaren i turlaget, Inga Reidun Sjøthun, tok mot prisen på vegne av laget.


Den gamle og nye leiaren i Luster Turlag, Stein Bugge Næss og Inga Reidun Sjøthun kunne stolt syne fram prisen som vart overrekt av leiaren i Luster Mållag, Oddmund L. Hoel.