A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Månadsbrev for desember

Desmeber er ein månad med rikt innhold. Me har laga julegåver, delteke på Nissefesten, ete god julelunsj og vore mykje ute i snøen. Som avlutningpå førjulstida, hadde oppvekstsenteret felles gange rundt juletreet, der Nissejenta kom på overraskande besøk. Ho hadde med litt av kvart i sekken sin.....

MÅNADSBREV FOR DESEMBER 2015

Desember er månaden for juleførebuingar og julegåver.

Tidleg i månaden starta me opp med å lage gåver, slik at alle fekk dei med heim i god tid.

Til Luciafeiringa baka me bollar som me skulle bruke til Luciabesøket vårt på skulen. Både små og store hadde kvite klede, glitter i håret og lys (batteri) då me gjekk på skulen og song til elevane i alle klasseroma. Til slutt samla heile Oppvekstsenteret seg på eitt klasserom og kosa seg med bollar. Etterpå fekk me høyre skulen øve julesongar til julespelet sitt.

Me laga vår eigen julelunsj, der borna var med å bestemde menyen. Her var det fiskepinnar, fiskepudding, spaghetti, kjøtsaus og pitabrød som var hovudretten. I tillegg hadde me salat og pasta. Til dessert hadde me kaker me hadde baka sjølve. Me kosa oss med julefilm på stort lerret i matsalen. Ein koseleg dag.

Kvar måndag starta med adventstund og lystenning. Kvar dag hengde me opp hjarte på glaset, og kvar unge og personalet fekk ei lita merksemd med eige hjartekort med seg heim. Dette vart utdelt i songstunda. Me song julesongar,  delte oss i grupper  les julebøker (dialogisk lesing som metode for samtale kring utvalde fokusord).

Nissefest med song frå scena er blitt ein tradisjon. Ein kjekk ettermiddag med mykje folk, song av borna og aktivitetar etterpå. Her fekk me vise korleis me brukar rytmeinstrumenta me har laga.

5/6 klassen kom og les for oss, og var med på peparkakebaking. Sjølv om deigen ikkje var perfekt, vart det gode kaker løll. I tillegg bakte barnehagen sjokoladekaker m/nonstop.

5-åringane var med i gymtimar ilag med 2.klassen.

I og med at det var ein milde desember, var me mykje ute å leika oss i akebakken.

Som avslutning på førjulstida, gjekk me rundt juletreet heile Oppvekstsenteret ilag. Arvid spelte gitar og me song julesongar. Som ei stor overrasking, kom Nissejenta på besøk, med peparkaker og mandaringer til oss. Ho hadde me ei pakke, og den var til Andrea; ei pute, der alle borna i barnehagen har skrive namnet sitt. Etterpå hadde me vår eiga ”fering” med is ilag med Andrea. Me ynskjer Andre lukke til i Gaupne Barnehage, der ho skal fortsette med fagbrevet sitt.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS