A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehage

Månadsbrev for desember

Her er ein oppsummering over kva me gjorde i desember...........

Månadsbrev for desember

 

Julekalender høyrer med til adventstida og det har me òg i barnehagen. I år har me hatt dei tradisjonelle julehjertene våre som me heng opp i glaset i adventsrommet vårt. Borna får henge opp hjerter kvar sin dag, og den som heng opp hjerter er ordensvakt denne dagen. Dette er fine samlingar der me les bøker og syng. Me har og hatt ein omvendt julekalender. Me samla inn gåver til born i ein barneheim i Litauen som Ida Kristine skulle ta med seg ned då ho skulle på tur med Lions. Dessverre fekk flyet som skulle gå frå Sogndal til Oslo tekniske problem, så dei rakk ikkje flyet frå Oslo. Dette var dumt, men gåvene kjem fram likevel og me håpar på bilder frå mottakarane.

 

 

Skulen var innom ein morgon med lykter og song, det var veldig fint. 5. klassen har vore å lese og baka pepperkaker med oss, det var desse pepperkakene de fekk smake på nissefesten! På fredagane har me og besøk av ein elev frå 6 eller 7 klassen som kjem og leikar med oss og er med i lunsjen.

 

Me baka lussekattar og gjekk luciatog på skulen. Det er alltid koseleg å gå rundt på skulen med kvite klede, glitter i håret og lys i hendene. Me har ingenting imot kvar vår lussekatt heller.

 

 

I heile desember har me hatt boka mi kvar veke. Det er stor stas å få vise fram boka si, og kjekt å lese noko me ikkje har i barnehagen.

 

Siste tysdagen før jul hadde me julelunsjen vår, der ungane fekk komme med ynskjer om kva dei ville ha. Menyen i år bestod av taco, fiskepinnar og pasta. Alle saman åt inne i matsalen der det var dekka ekstra fint med bretta serviettar og dempa belysning. Då alle hadde ete fekk me plutselig auge på ei nissejente som gjekk og surra ute på parkeringa med ei korg. Ho kom inn på besøk til oss og oppi korga hadde ho jammen med seg is til alle saman! Ho fekk klem av alle som takk for isen, og hadde til og med tid til å ete is i lag med oss før ho måtte gå. Ho måtte til bakkebygrenda med is til ungane der før den smelta..

 

 

 

 

 

Siste skuledag hadde me juleavslutning ute saman med skulen. Me hadde fått toppen av juletreet som stod i gymsalen som me sette ut på fotballbana. Så gjekk me rundt treet og song julesangar. Sånt blir det julestemning av!

 

Elles har me jobba mykje med årets julepresang, som i år vart kalendarar. Det var mykje å gjere, men me er veldig godt nøgde! Håpar de foreldre vart like nøgde då de opna pakka julekvelden J

 

Godt nytt år frå oss i Jostedal barnehage!

 

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS