A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Månadsbrev for januar

Januar med hovudfokus på Bravo og Kule Krabatar. Mykje uteleik i snøen, og den som har hatt lyst, har gått på ski. Klikk og les på månadsbrevet, så ser du kva meir me har drive på med.

Månadsbrev for Januar

 

Me starta opp att etter jul med å løyse opp i kroppen med minirøris og aktivitet i gymsalen. Det er godt å starte dagen med å vekke kroppen skikkeleg, og minirøris har me hatt fleire gonger som ein felles start på dagen. Me har òg fått oss ein ny cd med nye rørsler og norsk tale. Fyrste veka avslutta me med ein leikedag, så ungane kunne få vise fram litt nye leiker dei fekk til jul.

 

Me har hatt fine lesestunder med boka mi, det er kjekt å få høyre andre bøker enn dei me har i barnehagen. 5 klassen har òg vore på besøk og lese til oss denne månaden. Dei var med oss og leika med lego, det var veldig kjekt med byggehjelp! Kvar fredag får me besøk av ein elev frå 6 eller 7 klassen. Det er veldig kjekt at dei kjem og leikar med oss. Dei er med oss i lunsjen før dei reiser bort på skulen att. Arvid er på besøk andre kvar måndag, då tek han fram gitaren og teiknesakene. Det er stas å få så fine teikningar, han teiknar akkurat det me vil ha!

 

 

Me har hatt varmlunsj stort sett ein gong i veka. Me har hatt tomatsuppe, skattekiste, heimelaga gulrotsuppe, rundstykker og risengrynsgraut.

 

 

 

Denne månaden har me stort sett jobba med to nye prosjekt som me kjem til å jobbe med utover i februar òg: kule krabatar leikar for 4-åringane og bravo for 2 og 3-åringane.

 

Kule krabatar fekk ein litt seig start på grunn av sjukdom i personalet som skulle ha opplegget, men me er i gong. Me har hatt både samlingar og leikegrupper. Fram til no har me hatt fokus på å spørje på ein fin måte om å få bli med i leiken, og kva me svarar viss nokon vil bli med på vår leik. Akuratt no er det bruk av augekontakt som er tema, og kva augekontakt har å seie for måten me tek kontakt med andre på. Alt no ser me at opplegget har innverknad på leiken i gruppa, og at barna er flinkare til å ta andre med i leiken i staden for å avvise dei.

 

Bravo er ein språkleik utvikla for dei minste borna. Ein jobbar i stasjonar, med ein aktivitet i mellom stasjonane. Me har delt oss i små grupper på 2-3 born om gangen. 4-5 åringane lurte veldig på kva dette var for noko, så dei har fått vore med så lenge dei ikkje har hatt anna opplegg. Dei tema me har vore innom no er:

 

- Forbokstavane til ungane som er med

- 5 fargar – gul, oransje, grøn, blå og raud

- 5 kroppsdelar – legg, fot, lår, mage, hand

- 5 verb – krabbar, rullar, heng, ålar, klatrar

- 5 dyr – piggsvin, ulv, ekorn, raudrev, rein

- Adjektiv – kald og varm

- Utrykningskøyretøy – ambulanse, politibil, brannbil

- 5 krydder og urter – stjerneanis, kanel, timian, basilikum, mynte

- Mengder – 1-5

- Bokstavar – E – K – O – R – N

- Anleggsmaskiner – dumper, vegvals, kranbil, traktor, gravemaskin

 

 

Dei fleste av ungane er veldig ivrige på ski, og ein del av dei har gått mykje her i barnehagen. Me går rundt inne i barnehagen, sklir i løypa som går gjennom barnehagen og av og til går me bort i løypa på bana. Det er veldig kjekt at ungane får med seg ski så lenge dei er litt sjølvstendige! Me har òg aka mykje med rompebrett og akematter, me brøyta mykje, laga tøffe snømenn og snøborger! Ungane har vore opptatt av fuglane, så me har lagt ut brødrestar til dei. Me har òg laga fuglemat i melkekartongar og i pepperkakeformer.

 

Me hadde ei bursdagsfeiring i Januar, Ylva vart 5 år! Hurra for ho!

 

Barnehagen har fått ein mobiltelefon, og oppvekstsenteret har oppretta ein instagram-konto. Dei som har konto der kan søke opp oppvekstjostedal. De får meir info om dette på foreldremøtet.

 

 

 

 

Karine Blikra

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS